Hopp til innhold

"No må nokon sette foten ned!"

Forfattar Rune Timberlid meiner politikarane no må sette foten ned for alle skulpturane Stig Eikaas har planar om å sette opp rundt om i Sogn og Fjordane.

Montasje Rune Timberlid/Stig Eikaas-skulptur
Foto: Kjell Arvid Stølen/Hans Jakob Reite / NRK

– Eg gremmest kvar gong eg går forbi Gjest Baardsen-skulpturen til Eikaas i Sogndal, seier Timberlid.

Etter at kulturmeldar Hans Jakob Reite kritiserte kunsten til Eikaas har debatten rulla i fleire fora, mellom anna på Facebook. Der har mellom andre Rune Timberlid kome med klare meldingar:

«Gjer oss til latter»

Sogn og Fjordane er einaste området i landet Eikaas så å seie utan motførestillingar ville få lov å spreie rundt seg med den slags på sentrale stader som den nye parken i Førde, Fossetunet osv. Det bør vere nok no...

Dersom vi let denne mannen utsmykke heile fylket, så gjer vi oss sjølve til latter. Eit verkeleg kulturfylke hadde stoppa Eikaas for lenge sidan...

...Bra at nokon heng bjølla på katten. Skulpturane er pinleg dårlege.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

– Gjest Baardsen-skulpturen hesleg

I intervju med NRK seier Timberlid at han ikkje har sett alt Stig Eikaas har laga, og at det godt kan hende noko av det er bra.

Eg er ingen kunstkjennar, eg er meir oppteken av at det er styring på dette, men eg må seie at kvar gong eg går forbi Fossetunet i Sogndal så gremmest eg, for skulpturen av Gjest Baardsen synest eg er rett og slett hesleg.

(Artikkelen held fram under biletet).

Gjest Baardsen

RAUDMÅLA: Det er fleire enn Rune Timberlid som ikkje likar Gjest Baardsen-skulpturen i Sogndal. I fjor sommar vart skulpturen måla raud.

Foto: Arve Uglum / NRK

Peikar på politikarane

Timberlid meiner politikarane må ha mot til å seie nei når Eikaas kjem og tilbyr seg å sette opp ein skulptur.

Mitt bidrag er ikkje å dolke Eikaas som kunstnar, det får dei gjere som kan skulpturkunsten betre enn meg, men eg er meir oppteken av korleis vi utsmykker torg og parkar i fylket, og her peikar eg på politikarane som er ansvarlege for utviklinga av sine nærmiljø.

(Artikkelen held fram under biletet).

Avduking av Fridtjov Urdal-statue

DEN FØREBELS SISTE: Fridtjov Urdal attmed skulpturen som Stig Eikaas har laga av han.

Foto: Hans Jakob Reite / NRK

Ny Torsheim-skulptur i Askvoll

Det siste resultatet av skapartrangen til Stig Eikaas er ein skulptur av Fridtjov Urdal i Jølster. No vil han lage ein ny Oddvar Torsheim -skulptur, denne gongen i Askvoll. Og han har ikkje tenkt å stanse der.

– Det må vere 200 skulpturar, no har eg 100 med stort og smått. Eg vil ha 10-12 svære til, slik at når eg døyr skal alle vite at her har Stig Eikaas vore etter I.C. Dahl .

(Artikkelen held fram under biletet).

Stig Eikaas

MÅLET ER 200 SKULPTURAR: Stig Eikaas.

Foto: NRK

– Kan ikkje få dure fram

Men Rune Timberlid meiner at no må nokon sette foten ned, ideen om skulptur i Askvoll har han svært liten sans for.

– Skal vi utsmykke kysten og skipsleia kan vi ikkje overlate det til ein tilfeldig kunstnar. Det må vere gjennomtenkt, og det bør vere konkurranse, slik at det blir kvalitet på det som kjem opp. Han kan ikkje få dure fram etter eige forgodtbefinnande.

Men Stig Eikaas sjølv seier at han har Askvoll formannskap med seg på planane om ein Torsheim-skulptur. Det er Timberlid forundra over.

– Det er i så fall skremmande, med atterhald om at eg ikkje har sett planane. Kysten er ikkje eit område som bør bli belemra med kva som helst. Kysten vår er ei perle som vi må ta vare på.

– Stig Eikaas har proklamert at han vil lage ein skulptur av Hans Jakob Reite etter at han kritiserte Fridtjov-skulpturen hans. Du er ikkje redd for at han no lagar ein skulptur av deg og?

– Nei, redd er eg ikkje, eg er meir oppteken av kvar han eventuelt blir ståande.

Rune Timberlid

NOK ER NOK! Forfattar Rune Timberlid meiner Stig Eikaas ikkje kan få dure fram etter eige forgodtbefinnande.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK