Hopp til innhold

'Lommemannen' tilstår

Bergensaren som politiet meiner er "lommemannen" tilstår at han står bak overgrep mot små gutar.

Lommemannen

Lommemannen

Foto: Novemberfilm as / NRK

Med Tor Erling Staff som forsvarar, vedgjekk ikkje 56-åringen noko som helst avhøyr til politiet.

Var i Sogn og Fjordane

Etter å ha teia i fire månadar, tok bergensaren lauvet frå munnen då han engasjerte Gunhild Lerum som advokat. Politiet mistenkjer han for å stå bak kring 160 overgrep over heile landet i løpet av 30 år. Mellom anna i Skjolden, Høyanger og Førde.

- Han erkjenner å ha hatt noko å gjere med under halva av dei 26 forholda han no er sikta for. Han forstår alvoret i situasjonen, og har sagt seg villig til å samarbeide med politiet, seier Lærum til VG etter eit fem timar langt avhøyr på 16. mai.

- Avskyelege overgrep

Mannen skal ha forklara seg om overgrep i perioden 2003 til 2006. Han skal ha forklart overgrepa med at det var ein måte å flykte frå seg sjølv på. Den sikta har førebels ikkje teke stilling til straffskuld.

– Han fordømmer sine eigne handlingar og meiner dei er avskyelege. Mange av tankane i fengselet går til barna han har påført skade, fortel advokaten i følgje avisa.