Hopp til innhold

«Kjerringa» mot straumen i oljesektoren

Medan mange verksemder i oljesektoren seier opp folk i hundretal må dei tilsette på LMI i Gaupne jobbe overtid for å nå over alt dei har å gjere.

Geir Øren

– HELDIGE OG FLINKE: Dagleg leiar Geir Øren i LMI har fulle ordrebøker.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Dagleg leiar Geir Øren kan gle seg over at dei 48 tilsette har nok å henge fingrane i, trass i at det er labre tider i norsk oljeindustri.

– Vi har det travelt for tida, vi har utfordringar med å levere i tide alt vi har teke på oss. Dei tilsette har stått på veldig i haust. Ein stor ordre gjekk nett til Egypt, og no held vi på med eit anna stort prosjekt for Shell. Det skal til Mexicogolfen.

Oppdraget for Shell skal vere fullført i mars 2017. Det er ein pumpestasjon som skal stå på 3000 meters djup.

Øren seier at dei har treft godt på dei jobbane dei har bygg på.

– For jobbar finst det, trass i dei dårlege tidene i oljenæringa. Vi har vore både heldige og flinke. Det syner seg at kvalitet løner seg over tid.

Røyrmodul frå LMI i Gaupne til Egypt

TIL EGYPT: Denne røyrmodulen er no send frå Gaupne via Bergen til Egypt

Foto: LMI

– Det ser veldig lyst ut

For LMI (Luster Mekaniske Industri) i Gaupne ser det lyst ut framover også. Øren fortel om store kontraktar som dei enno ikkje har teke til på.

– Neste år skal vi til på stor kontrakt for eit australsk oljeselskap. Vi skal levere for første gong til eit felt som heiter Greater Enfields. Det blir avslutta tidleg i 2018. I tillegg jobbar vi med å få i hamn fleire nye kontraktar, så det ser veldig lyst ut. Det er skikkeleg kjekt.

Øren seier at dei i periodar kunne ha trengt fleire tilsette enn dei 48 dei har.

– Men dei tilsette står på og jobbar overtid for å få prosjekta i hamn, så vi har greidd oss med dei vi har.