Den lovnaden kom etter at han som redaktør i Sogn Dagblad var med på å leggje ned avisa. Etter jobbar som journalist i Bergensavisen og NRK Sogn og Fjordane har han no funne noko han kan tenkje seg å halde på med lenge.
Etter at han måtte ta over for stand-up-komikaren Jon Schau på Gaularmarknaden på ein times varsel, fann han ut at han kunne underhalde folk med eiga livserfaring. Sidan har han reist rundt med framsyninga "Inni håve mitt". Han vil ikkje kalle det eit stand-up-show, for det er ikkje ei rekkje med vitsar. Det er både skjemt og alvor, og alt er sjølvopplevd og sant, fortel Øvretveit.