Hopp til innhold

«Her er eg!» - Sesong 4

Sesong nummer fire av «Her er eg!» er på seks episodar. Alle vart filma i 2007.

Alexa, Ananda, Linn Kristin, Berge, Per, Sivert

SESONG 4: Ananda Bickhardt (i midten til høgre), Linn Kristin Saltkjel (nede til høgre), Per Haus (oppe til venstre), Sivert Liset Osland (oppe til høgre), Berge Torheim Andal (nede til venstre) og Alexa Rogdo Melheim var borna vi møtte i sesong fire.

Foto: Fotomontasje

I den fjerde sesongen tek mellom anna Per sjåarane med på linefiske, medan vi også får sjå Alexa lage til lysfest på sjølvaste Luciadagen.

Per

Video Her er eg Per

SJÅ: Per får mange fiskar med rare namn som fløyelsbuk, skate og bustebrosme.

Per frå Haus i Eid kan namn på rare fiskar: Fløyelsbuk, skate og brosme. I dag må han stå veldig tidleg opp, for Per skal vere med pappa på fisketur. Djupt, djupt nede i fjorden ligg dei rare fiskane på lur...

Linn Kristin

Video Her er eg Linn

SJÅ: Linn Kristin overnattar i telt for første gong.

Linn Kristin har aldri sove i telt før. Men i natt skal ho vere med pappa å overnatte i telt på ei fin strand som heiter Refvika. Det blir mørkt ute og Linn Kristin høyrer lydar utanfor teltet.

Berge

Video ec762f8a-da09-4b3a-93bc-95c58d43e9e7.jpg

SJÅ: Berge og bestevenene Birk skal gå i kvar sin klasse når dei byrjar i 1. klasse.

Sommarferien er snart over og Berge skal byrje i første klasse på Skram skole i Vågsøy. Berge både gruar og gler seg. Han gruar seg mest fordi bestevennen, Birk, skal gå i ei anna klasse enn han sjølv.

Ananda

Video Her er eg Ananda

SJÅ: Ananda er med mamma og pappa på jobb på Kråkenes fyr.

Ananda ventar, ventar og ventar. På mamma og pappa, som jobbar på Kråkenes fyr. Dei har kafé og tek imot turistar. Ananda må finne på noko åleine. Ho klatrar, ho går tur i fyrtårnet og matar ein måse. Dei vaksne brukar så lang tid på å jobbe.

Alexa

Video 56f1b9b9-b817-499e-b413-1cc536aad1b4.jpg

SJÅ: Alexa og venene hans lagar lysfest i skogen på sjølvaste Luciadagen.

Alexa lengtar etter lysare tider og sommar. Men no er det mørkt ute og i morgon er det Luciadagen. Alexa får med seg pappa ut i skogen for å lage lysfest for alle vennene heime i Heggjabygda i Eid. Neste morgon går dei ut, med faklar som får snøen til å skine og glitre. Alexa likar mørkret likevel.

Sivert

Video Her er eg Sivert

SJÅ: Sivert er med når kyllingen kjem ut av egget.

Denne morgonen vil ikkje sivert frå Florø gå på skulen. Han har nettopp oppdaga at det har kome ein heilt ny kylling ut av egget, som hønemor har ruga på så lenge. Det er kaldt i hønsegarden, og Sivert vil sy eit skjerf til kyllingen. Men mamma seier at han må gå på skulen.