«Førde Opp» blei ein folkefest

Motbakkeløpet «Førde Opp» blei akkurat den folkefesten arrangørane hadde håpa på. Folk i alle aldrar stilte til start i det første løpet opp den nye bystien.

Arrangør Tom Farsund er strålande nøgd med dagen. Heile 1687 stilte til start i dei ulike klassane, trass det dårlege vêret. Mange av dei sleit seg heilt til topps, omlag 700 høgdemeter opp.

– Det har gått kjempeflott i dag. Eg må seie eg svelgde ein klump i halsen då eg såg kor mykje folk det var klokka ni i dag tidleg, fortel han.

Frå sentrum i Førde går dei bratte bakkane rett opp, og den nye stien er alt blitt veldig populær sjølv om den enno ikkje er ferdig. Stien snor seg opp det 706 meter høge Hafstadfjellet i om lag tre kilometer. På det brattaste er det opp mot 35 graders helling.

(Artikkelen held fram under videoen)

Nesten 1700 løparar stilte til start under Førde Opp laurdag. Løpet starta i Førde sentrum og enda på det 706 meter høge Hafstadfjellet. Det er første gong motbakkeløpet blir arrangert på den nye bystien.

SJÅ VIDEO: Slik var folkefesten då motbakkeløpet Førde Opp blei arrangert. Foto: Arne Stubhaug/NRK.

Ingen skadde

Trass regnet, har det gått bra med løypa. Farsund fortel at dei laga ein trasé like før løpet, slik at folk ikkje visste kvar siste del av løpet skulle gå. For heile stien er ikkje ferdig enno, difor gjekk siste del i terrenget. Det var viktig at denne ikkje var heilt nedtrakka før sjølve løpet.

Alle som nådde toppen, blei også sende ned til Bruland for å unngå kaos i bakkane. Farsund seier arrangementet gjekk knirkefritt og at Røde Kors ikkje fekk noko å gjere.

– Det er utruleg at det ikkje blei nokon skadde når så mange var i aksjon, seier han.

(Artikkelen held fram under videoen)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Alle som deltok fekk medalje. Dei blei delte ut på tre forskjellige stader i løypa, slik at det ikkje var naudsynt å gå heilt til toppen for å få premie.

Farsund seier folk er veldig nøgde med arrangementet i dag. Han har fått blomar av vilt framande folk.

Tone avlyste

Einaste nedturen er at popartisten Tone Damli Aaberge ikkje kom til gratiskonserten i ettermiddag.

– Ho skulle komme med helikopter, men avlyste på grunn av dårleg ver. Det er klart nokre av dei yngste blei skuffa over det. Men det er viktig å få fram at ho kjem til konserten i kveld, seier Farsund.