NRK Meny
Normal

Har måtte avvise mange på morellejakt

Det går ikkje upåakta hen når seks tonn gratis morellar skal gjevast vekk. Det fekk Lærdal Grønt erfare.

Harald Blaaflat Mundal

RINGDE I EITT: Harald Blaaflat Mundal fortel dei har fått mange telefonar frå folk som ynskjer seg gratis morellar. – Men eg mistenkjer at mange har berre lest overskrifta, og ikkje fått med seg at dei er frosne og at ein må lage noko av dei, humrar han.

Foto: Kjellrun LAvik / NRK

Før helga fortalde NRK.no at Harald Blaalflat Mundal og Lærdal Grønt vil gje vekk seks tonn morellar.

Men mange hadde nok ikkje fått med seg at dei var frosne, og at føremålet var produktutvikling.

– Ein del har vore å henta morellar, men ein del har nok snudd i døra når dei får høyre at dei må lage noko. Det er mange som trur at det er berre å komme å hente hundrevis av kilo, humrar Mundal.

Nye oppskrifter

Morellane som skal gjevast vekk er av god kvalitet, men likevel ikkje god nok til å selje som ferskvare.

I håp om å finne nye oppskrifter og matrettar av morellar, gjekk dei ut med ein konkurranse. Og Lærdal Grønt er blitt kontakta av det Mundal skildrar som interessante aktørar. Både privatpersonar, institusjonar og hotell.

– Det er både privatpersonar, institusjonar og hotell. Vi er veldig nøgde med responsen, seier han.

Telefonen ringde i eitt

Den første tida etter at nyhenda sprakk, stod ikkje telefonen stille. Og folk kom på dørene.

Interessa kjem også utanfrå fylket. Oppslaget til NRK.no er delt mykje på Facebook og Lærdal Grønt har fått førespurnad om å levere til Oslo. Det er uaktuelt.

– Mange ville lage morellikør, enkelte fortel om ulik saft, syltetøy, kaker og dessert. Nokre er veldig løyndomsfulle, så det blir spennande å sjå kva dei kjem attende med, seier Mundal.

Nokre hundre kilo

Mundal har ikkje oversikt over kor mykje morellar som er delt ut.

– Vi er blitt kontakta av ein del privatpersonar som ikkje skal ha så veldig mykje. Dei fleste klarer seg med 20 kilo. Andre har igjen bede om nokre hundre kilo, seier han.

– Men dersom eitt av produkta skulle slå til, så er det greitt at vi ikkje har gitt vekk alt. Då må ein jo vente til neste år med å komme i gang med produksjonen, seier han.

Kårar vinnar

For dei tre beste produkta blir kåra på Haustmarknad/Smak av Sogn den 27. september i Lærdal. Men dei som treng lenger tid til å utforske bruksområdet til morellane, kan få lenger tid.

– Vi håpar jo at nokon finn på noko fantastisk. Vi har jo allereie morelløl frå Lærdal og vi veit at restaurantar serverer morelljuice som alternativ til alkoholfri vin, seier han.

– Draumen er at vi får fram eit eller anna produkt som gjer at vi kan utnytte morellane vi set att med. Vi plar sitje att med kring fem prosent av totalvolumet, og når vi satsar på 250 tonn neste år, så er ti tonn morellar vel mykje å kaste kvart år, avsluttar Mundal.

Vegopning på Bergum i Førde kommune