NRK Meny
Normal

– Vil aldri få sikkert svar på brannårsaka

Brannen i heradshuset i Gloppen starta i det elektriske anlegget i taket. Det er klart etter at teknikarar har undersøkt brannstaden.

Klokketårnet etter brannen i Heradshuset på Sandane

BRANNEN I HERADSHUSET: Politiet er no ferdige med etterforskinga av brannen i heradshuset i Gloppen

Foto: Aadne Gloppestad / Firda Tidend

– Det næraste vi kjem ei årsak er at det starta i kommunestyresalen, og at det starta i taket, seier lensmann Nils Ove Roset.

Natt til 11. august byrja det å brenne i kommunehuset, Då flammane fekk tak i tredje etasje gjekk kommunestyresalen tapt, og store delar av bygget har fått omfattande vass- og røykskadar.

Det vil ta minst eit år før alle tilsette får tilbake kontorplassane sine i bygget.

– Vi veit at årsaka skuldast det elektriske, men får nok aldri svar på nøyaktig kva som utløyste brannen, seier Roset.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.