NRK Meny
Normal

– Vi kan leve godt med Stad kommune

EID (NRK): Med 25 mot fire røyster går kommunepolitikarane i Eid inn for å kalle storkommunen med Selje for Stad kommune.

Ordførarane i Eid og Selje, Alfred Bjørlo og Stein Robert Osdal.

SEMJE: Venstre-ordførar Alfred Bjørlo (t.v.) i Eid og ordførarkollega Stein Robert Osdal (KrF) frå Selje kan slå fast at begge kommunestyra ynskjer Stad som kommunenamn.

Foto: Bård Siem / NRK

SISTE: Også kommunestyret i Selje ynskjer Stad som kommunenamn. Kommunestyret var samrøystes.

– Det var ikkje mitt førsteval, men eg kan leve godt med Stad. Det er eit godt namn, og ei god merkevare, seier Tore Hjelle (H).

– Gir ein ny start

Det var knytt spenning til kva namn eidarane vil innstille på den nye kommunen. Av 29 representantar i Eid, ville 13 ha Stadt. Skrivemåten fekk ikkje gjennomslag.

Til slutt stod dei att med Eid, Selja og Stad som alternativ. Då dei to første fall med fem og seks røyster, stod dei att med Stad.

I motsetnad til arbeidet med kommunenamn i Sunnfjord , ser dei to nabokommunane i Nordfjord ut til kome til semje.

– Det gir ein ny start for den nye kommunen. Stad er eit nytt namn for begge, og det er eitt av få namn som er eit omgrep kjend over heile landet, seier ordførar Alfred Bjørlo (V).

– Godt grunnlag

Innbyggjarane har vore med gjennom prosessen og kom innleiingsvis med sine innspel til kommunenamnet. Av desse vart det plukka ut alternativ som no både politikarar og innbyggjarar har fått sagt sitt om.

Bjørlo opplevde debatten i dag som god og meiner dei hadde gode namn å velje mellom. Også Sigurd Reksnes (Sp) meiner dei no har eit godt grunnlag å byggje kommunen på.

– Skal du lage ny kommune må du også ha nytt kommunenamn slik at alle i kommunen kan føle at dei får noko nytt å stelle seg til, og noko som ikkje tek utgangspunkt i dei to gamle kommunenamna, seier han.

Reksnes trur Stad vil bli endå meir kjent i framtida.

– Det er ei sterk merkevare i dag, med skipstunnelen og Stadhavet. Det klinger godt, er lett å profilere seg på og å byggje kommunen rundt, seier han.

Vegopning på Bergum i Førde kommune