Hopp til innhold

– Vi gjer dette for at ungdomane skal berge liv og helse i trafikken

FØRDE (NRK): Inspektørane i Vegvesenet målte mopeden til å ha ei toppfart som er 25 km/t over det lovlege. Dermed måtte 17-åringen fram med tanga for å klippe skiltet.

Svein Ove Salt med utstyret dei brukar når dei sjekkar farten på mopedar og motorsyklar

TIL DET BESTE FOR UNGDOMANE: Svein Ove Salt forstår at mange ungdomar kan føle at Vegvesenet er ute etter å ta dei for å lage kvalme, men understrekar at kontrollane handlar om deira tryggleik i trafikken.

Foto: Anna Gytri / NRK

– Det er kjedeleg, men sånn er livet, seier 17-åringen til NRK.

Han var ein av dei som blei stoppa då Vegvesenet denne veka hadde ekstra fokus på kontroll av mopedar og lettmotorsyklar i Førde. Over lengre tid har ungdomar på trimma mopedar og lettmotorsyklar vore ei utfordring for både Vegvesenet og politiet i byen.

Etter klager på støy og køyrestil har etatane teke tak i problemet, blant anna med eit informasjonsmøte på ein av dei vidaregåande skulane tidlegare i haust.

Stoppa på 70 km/t

Trimming og effektanlegg på mopedar og lettmotorsyklar er ikkje lov. Likevel ser Vegvesenet og politiet stadig ungdomar som køyrer rundt på trimma og ombygde køyretøy. Det er alvorleg av fleire grunnar.

– Spesielt mopedane er ikkje bygde for å gå så fort som dei gjer når dei blir trimma. Ungdomane har heller ikkje opplæring til å køyre fortare enn 45 km/t, seier inspektør Svein Ove Salt i Statens vegvesen.

Då 17-åringen sin moped vart sett på måleutstyret, viste det at mopeden hadde ei toppfart på 70 km/t, som er 25 km/t meir enn det lovlege.

– Den gjekk mykje for fort, konstaterer Salt.

Gjekk klar ei politimelding

Sjølv vedgår den unge sjåføren at han er klar over reglane.

Etter ein tur inni kassebilen til Vegvesenet kjem han ut og fortel at han akkurat har gått klar å bli politimeld. Utstyret Vegvesenet brukar skal snart inn til kalibrering, og fordi det er ein liten uvisse knytt til måleresultata, kjem det han til gode.

– Det var iallfall veldig bra, seier 17-åringen som kunne risikert at ei politimelding hadde gitt han utsetting på førarkort på bil når han blir 18 i februar.

– Dette handlar om tryggleiken til ungdomane

Svein Ove Salt med utstyret dei brukar når dei sjekkar farten på mopedar og motorsyklar

TIL DET BESTE FOR UNGDOMANE: Svein Ove Salt forstår at mange ungdomar kan føle at Vegvesenet er ute etter å ta dei for å lage kvalme, men understrekar at kontrollane handlar om deira tryggleik i trafikken.

Foto: Anna Gytri / NRK

– Dette var ein veldig fin ungdom, seier Salt og understrekar at dei ikkje har kontrollar for å lage kvalm for ungdomane.

– Vi gjer dette for at dei skal berge liv og helse i trafikken. Vi jobbar for deira tryggleik, slik at dei skal overleve ute på vegane.

I løpet av kontrollane denne veka vart det i tillegg til denne avskiltinga, skrive ut fem mangellappar, der sjåføren må vise fram moped eller motorsykkel på ein trafikkstasjon i rett stand.

I ein tidlegare versjon av denne saka brukte NRK Sogn og Fjordane fullt navn og bilete på guten som no blir omtalt som 17-åring.