Hopp til innhold

– Var to meter under båten

Åtte spekkhoggarar leika seg i ein time kring båten til Steinar Bauge i Askvoll søndag. – Eit fantastisk syn.

Spekkhoggarar i leik i Vilnesfjorden
Foto: Steinar Bauge

– To av dei var ein meter under båten. Så vi var ganske nære, fortel Bauge.

Han vart tipsa om den majestetiske leiken i fjorden søndag føremiddag. Saman med to andre var han snar med å få båten ut på vatnet, slik at dei kunne sjå leiken på nært hald. Berre to minutt med båt frå Askvoll sentrum, ut Dalsfjorden mot Vilnesfjorden og Atløy, kom dei tett på ein stor spekkhoggarfamilie.

– Eg har opplevd det før, ved Temba vest i havet. Det er like fascinerande kvar gong, å sjå slike dyr. I alle fall så nær som desse var. Det var heilt spesielt, seier Bauge, som også er fotograf.

Var ikkje høg i hatten...

Så nært kom spekkhoggarane at det vart vanskeleg å fokusere på dei enorme skapningane med fotoapparatet. Det var to vaksne dyr, og seks halvvaksne og ungar. Ein spekkhoggar kan bli opp til ti meter lang og som vaksen kan den vege heile ti tonn. I løpet av ein dag kan den ete 100 kilo fisk. Likevel var dei tre i båten ikkje redde då spekkhoggarane dukka under båten.

– Vi var litt skeptiske, men det gjekk greitt, dei er ikkje direkte farlege for verken båtar eller folk, trur eg. Det var to små som dukka under båten, så difor trur han ikkje båten ville kvelva.

Leitar etter mat

I vatnet la dei minste spekkhoggarane seg på rygg, leika og slost litt med kvarandre. Fleire gonger dukka dei ned i vatnet og vart vekke nokre minuttar før dei dukka fram frå vasskorpa.

– Dei leitar etter mat og sild. Når det er godvêr og stilt på sjøen, så ser ein dei. Når det er bølgjer så er dei ikkje gode å sjå.

Bauge er ofte på sjøen, så han håpar at han også i framtida kan få nærkontakt med spekkhoggarar igjen.

– Det er kjekt å sjå dei live, så eg håpar verkeleg å møte liknande igjen.