Hopp til innhold

– Det står ikkje alltid på pengane, men på samarbeidet med bøndene

– Det står ikkje alltid på pengane, men på samarbeidet med dyreeigarane. Det seier sjefen i Vegvesenet etter at bondelagsleiaren krev at staten betaler for å sikre dyr som beiter langs vegane.

Video Krev gjerder

KREV GJERDER: Både bønder og yrkessjåførar krev at det blir sett opp gjerder langs vegane. (Vestlandsrevyen 19. september 2011).

Det grufulle synet som møtte ein geitebonde i Kjøsnesfjorden i Sogn og Fjordane søndag morgon har sett fart på debatten om korleis ein skal sikre dyr som har beiteområde langs sterkt trafikkerte vegar.

Over 30 geiter vart påkøyrde og drepne då nattbussen køyrde inn i flokken som sov i vegbana. Bondelagsleiaren krev at staten og Statens vegvesen ryddar opp.

Vegvesenet seier dei har pengar til å få på plass ordningar, men at dei likevel ikkje alltid lukkast med det.

– Det er mange grunneigarar langs vegane. Ofte er det vanskeleg å få til praktiske løysingar fordi vi ikkje klarer bli samde med dyreeigarane om kva løysingar vi skal gå for, seier distriktssjef i Statens vegvesen i Sogn og Fjordane, Nils Magne Slinde.

– Staten må hindre dyretragediar

Dyr i vegbana skapar stadig trafikkfarlege situasjonar. Søndag morgon gjekk det svært gale då ein buss køyrde inn i ein buss med geiter som sov på riksveg 5 i Kjøsnesfjorden.

Bondelagsleiar i Sogn og Fjordane, Per Hilleren meiner staten må ta rekninga for å setje opp gjerder og byggje undergangar for å sikre dyra.

– Når det blir bygd veg gjennom eit allereie eksisterande beiteområde, bør staten betale, meiner Per Hilleren.

– Men kvifor kan ikkje bøndene sjølve sette opp gjerde?

– Det er umogleg for bøndene å passe på dyra sjølve når vegvesenet byggjer veg i eit område der bøndene har beitemark. Då er det staten si plikt til å ordne opp, seier bondelagsleiaren.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video 33 geiter drepne av nattbussen

GRUFULLT SYN: Synet som møtte geitebonden i Kjøsnesfjorden søndag var eit han aldri vil gløyme. (Dagsrevyen 18. september 2011).

– Midlane vert truleg ståande ubrukte

Slinde seier Vegvesenet har fått pengar til å sikre riksveg 5 mellom Sogndal og Skei. Her går vegen gjennom store beiteområde, både i Kjøsnesfjorden og i Sogndalsdalen.

Det er allereie sett opp gjerder på deler av strekninga, og det vert arbeidd for å få på plass fleire gjerder og undergangar.

Men dei tre millionane dei har fått til tiltak her i år, vil truleg bli ståande ubrukte.

– Vi har til no ikkje klart å finne fram til felles tiltak som alle grunneigarane er samde om at verkar godt, seier Slinde.

– Vil ikkje halde ved like gjerder

Han vil ikkje seie at bøndene set seg på bakbeina, men vedgår at det frå tid til anna er vanskeleg å kome fram til løysingar saman med dei som eig dyra som beitar langs vegane.

Mellom anna er det eit prinsipielt spørsmål som fleire gongar har gjort til at diskusjonane har stranda.

– Slik det er i dag betaler Vegvesenet for å setje opp gjerda, og for framtidig vedlikehald av desse. Men det er grunneigarane som må utføre vedlikehaldet i praksis. Mange grunneigarar meiner dette er eit stort meirarbeid som dei vil Vegvesenet skal gjere i staden, men det kan vi ikkje slik ting er i dag, forklarar Slinde.

(Artikkelen held fram under biletet)

Drepne geiter i Kjøsnesfjorden

TA ANSVAR: Sjølv om Vegvesenet kan setje opp gjerder for å hindre dyr i vegbana på dei mest trafikkerte vegane, ber dei framleis bilistane om å ta sin del av ansvaret.

Foto: Privat

Fleire som må ta ansvar

Slinde ønskjer svært gjerne å få fortgang på samarbeidet med bøndene, noko Hilleren meiner dei ikkje skal vere vanskelege på.

– Både bøndene og Vegvesenet må ta sin del av ansvaret. Og i dei fleste tilfelle klarar ein å få til løysingar.

Slinde legg også til at bilistane må ta sin del av ansvaret.

– Langs mange av dei mindre trafikkerte vegane vil det ikkje bli sett opp gjerder. Her er det sett opp skilt som varslar om husdyr langs vegen, og då må bilistane avpasse farten, seier distriktssjefen.