Hopp til innhold

– Vaksinasjon må ikkje baserast på tvang

Vaksinasjon bør vere basert på tillit, ikkje tvang. Det skriv fylkeslege Per Stensland i eit blogginnlegg.

Fylkeslege Per Steinar Stensland

VIL IKKJE HA VAKSINASJONSPÅBOD: Fylkeslege Per Stensland ønskjer at flest mogleg skal vaksinere seg mot farlege sjukdomar, men vil ikkje at det skal bli gjort under tvang.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Det siste året har vaksinasjon vore hyppig debattert etter at ein har sett tilfelle av meslingar i Europa og USA, men også einskilde tilfelle i Norge. Fleire meiner barnevaksinasjon burde ha vore påbode, men fylkeslegen i Sogn og Fjordane meiner dette er feil veg å gå.

– Tvang vil svekke tilliten

I eit blogginnlegg på Fylkesmannen sine nettsider skriv fylkeslege Per Stensland at tvang berre vil gjere vondt verre, og at helsetenestene er avhengige av tillit frå folket.

– Dersom vi byrjar å tvinge folk vil vi få motkrefter som vil vere veldig vanskelege å temje. Dersom folk føler at vi forlanger at dei skal gjere noko som strir mot deira overtyding så vil helsevesenet sin tillit hos folket bli redusert eller forsvinne, seier Stensland.

Sjølv meiner han at vaksinasjon er eit av dei mest effektive sjukdomsførebyggjande tiltaka, men at det er viktig at den det gjeld og dei pårørande er nøydde til å ønskje vaksinasjon.

I vinter har mange argumentert for at barnevaksinasjon skal vere påbode. Dette vil vere å spele bingo med helsetenesta sitt adelsmerke, som er tilliten innbyggjarane har til helsetenesta.

Per Stensland i blogginnlegg

– Vi må snakke med dei på ein slik måte at vi får fram kor viktig det er med vaksinasjon. Eg meiner det er overkomeleg å få folk til å skjønne at det er nyttig, seier fylkeslegen.

Sterkt imot påbod

Folk sine framlegg om å innføre påbod av vaksinering er ein livsfarleg veg å gå inn på, meiner han.

– Når eg ser at nokon argumenterer for å gjere vaksinasjon til eit obligatorisk tiltak som du ikkje kan reservere deg mot, så meiner eg at dei leikar med det som er det viktigaste stoffet vi har, og som hjelper oss i medisinen, nemleg tilliten til pasientane, seier Steinsland.

– Er dette eit vanskeleg tema?

– Det som er vanskeleg er at folk ikkje lenger har erfaring med dei skumle sjukdomane. Vi har ikkje lenger sjukdomar som polio og stivkrampe. Folk har erfaring med influensa og lettare sjukdom og då blir det viktigare å lese om moglege biverknader ved ei vaksine enn å setje seg inn i kva alvorlege sjukdommar som vaksinen faktisk førebyggjer.