Hopp til innhold

– Som venta om tvang

Flora-ordførar Ola Teigen (Ap) er ikkje overraska over at det ikkje blir brukt tvang for å få Bremanger inn i Kinn kommune. Tysdag skreiv Firdaposten at verken kommunalministeren eller Stortinget vil tvinge Bremanger inn i kommunesamanslåing denne stortingsperioden. Teigen seier han fekk dei same signala i møte med kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner for nokre veker sidan.

Ola Teigen, ordføraren i Flora, på veg heim frå Batalden
Foto: Snorre Sandemose / NRK