NRK Meny

– Sogndal er i rute

Med eitt tap og ein siger står Sogndal sitt comeback i eliteserien til godkjent. Det meiner NRK sin Sogndal-ekspert Jon Navarsete. Sogndal tapte sist helg mot Bodø/Glimt borte, men i går var dei sterke og sikre tre poeng med 1–0 sigeren over Vålerenga. Navarsete seier sigeren i går var svært viktig og meiner Sogndal på heimebane kan hamle opp med dei fleste. – Det er på heimebane dei må vinne dei sju-åtte kampane som gjer at dei overlever, bortekampar i eliteserien er harde tak, seier han.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå