Hopp til innhold

– Slike forbikøyringar skal ikkje skje

Øystein Eide lærekøyrde med dottera då to syklistar tok dei att og susa forbi i bakkane ned mot Førde. Mot dei kom ein bil.

Politiet og bilisten skildrar denne forbisyklinga på E39 som galskap.

SJÅ VIDEO: Syklistane låg side om side då bilisten køyrde forbi. Nokre minuttar seinare susa dei forbi bilisten. (FOTO: ØYSTEIN EIDE)

– Eg tenkte at no går det gale, men han klarte så vidt å vri seg inn att, fortel Øystein Eide om forbisyklinga som sette ein kraftig støkk i både han og dottera som sat bak rattet.

– Ufatteleg at det gjekk bra

– Det er eit under at det gjekk bra med den siste syklisten. Han var kanskje ein meter eller to frå den møtande bilen, seier Eide.

Situasjonen skjedde like etter ein kraftig venstresving i bakkane ned mot Førde. Etter å ha halde låg fart gjennom svingen, meiner Eide bilen var oppe att i kring 50 km/t då forbikøyringa skjedde. Syklistane meiner han heldt kring 70 km/t.

– Galskap

Arne Johannessen

LIKAR IKKJE: Regionlensmann i Sogn, Arne Johannessen, tykkjer ikkje om forbisyklinga på videoen. – Slike forbikøyringar gjer du ikkje. Verken som syklist eller bilist, seier han.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Regionlensmann i Sogn, Arne Johannessen, er ikkje imponert over syklinga.

– Det er eitt ord som slår meg: Galskap. Ein utset seg sjølv og andre for stor fare. Som syklist er ein sårbar, og ein har eit ansvar i trafikken, seier Johannessen som sjølv er ein ivrig syklist.

Nyleg la han bak seg over 750 kilometer og 16.000 høgdemeter på sykkelsetet i Mellom-Europa.

– Hadde dette vore gjort med bil eller motorsykkel, så kvalifiserer det til førarkortbeslag på staden, legg regionlensmannen til.

– Ikkje så dramatisk

NRK har vore i kontakt med ein av syklistane. Han seier han skulle vore forutan situasjonen, men seier at dei la seg forbi då bilen heldt låg fart gjennom svingen.

– Eg såg ikkje bilen som kom imot før eg var på sida. Då var det ikkje mykje anna eg kunne gjere enn å halde fram forbikøyringa, fortel han i ei melding og legg til.

– Eg opplevde dessutan ikkje situasjonen som dramatisk då eg var på høgreside av vegbana og bilen imot nær stogga opp.

Samhandling

– Ein kan gjerne sykle forbi bilar som køyrer for seint, men ikkje slik at det nesten blir ulukke, seier Eide og presiserer at han ikkje ynskjer syklistane vekk frå vegen.

– Men om det ikkje går å trene utan at det går på kostnad av trafikkreglar, så bør ein heller finne seg ein annan stad å trene eller heller sette seg mål på toppen av bakken. Så kan ein bruke nedkøyringa for å roe ned kroppen, legg han til.

Sjølv har han også provoserande og farlege forbikøyringar frå bilistar.

– Det handlar om eit samspel, rette haldningar og å viser respekt for kvarandre. Er ein syklist i bilvegen, så er ein trafikkant på lik linje med ein bil. Ein har dei same reglane å stelle seg til, seier han.

– Slikt gjer ein ikkje

Johannessen minner om at Vegtrafikklova paragraf 3 er grunnleggande for alle som ferdast i trafikken.

– Det er klart at bilisten og motorsyklisten har eit ekstra stort ansvar, men det har jammen syklistane også. Denne situasjonen er sjølvforskyldt. Det er syklisten sitt ansvar åleine. Det er ikkje noko å diskutere, avsluttar han.