Hopp til innhold

– Samanhengande slaghol store som bombekrater!

Turistbussjåfør Rune Mikal Hetle meiner gamle Strynefjellsvegen bør stengast for køyretøy tyngre enn 3,5 tonn dersom det ikkje blir gjort meir med vedlikehald av vegen.

Gamle Strynefjellsvegen

– SAMANHENGANDE SLAGHOL: Gamle Strynefjellsvegen er ikkje eigna for store turistbussar, meiner Rune Mikal Hetle. Dette biletet er teke ein haustdag då tilstanden på vegen var noko betre.

Foto: Sonja H. Kvernevik

Han køyrde turistar på den nasjonale turistvegen mellom Videseter og Grotli denne veka. Han har ikkje mykje godt å seie om vegstandarden. På Facebook skreiv han dette etter turen:

Eg køyrde der seinast i går med ein fullasta buss på nær 20 tonn, samanhengande slaghol store som bombekrater på grusvegen, vegfyllingar som rasar ut på begge sider så vidt det er plass til to hjulpar på ein 12 meter lang buss med fart mindre enn 20 km/t.

Til NRK seier Hetle at slagholene tvingar sjåførane til å køyre meir ut på vegkantane, som i sin tur sig ut på grunn av vekta av dei tunge bussane.

Rune Mikal Hetle

– MÅ HA MEIR VEDLIKEHALD: Rune Mikal Hetle.

Foto: privat

– For oss som er kjende på vegen er det ikkje nokon risiko med å køyre på vegen, men kven som helst kan køyre der, og vegen blir marknadsført som turistveg.

Gamle Strynefjellsvegen har status som nasjonal turistveg. På Sogn og Fjordane-sida er det fast dekke, på Oppland-sida er det grusveg. Det er det vedteke at det skal vere, vegen skal takast vare på slik han er, og for mange turistar er det ei oppleving å køyre der.

Men med det vêret vi har hatt i sommar blir det fort slagholer på grusvegen, og Hetle har ikkje sett noko teikn til at det blir drive særleg mykje vedlikehald på vegen.

– Ikkje aktuelt å stenge for turistbussar

Ole Egil Hagen er fungerande seksjonsleiar i Statens vegvesen i Oppland, og han vedgår at det er eit dilemma med tunge turistbussar som vegen ikkje er bygd for. Men det er førebels ikkje aktuelt å stenge vegen for slik trafikk.

– Per dags dato er det ikkje planar om det, men vi vil fylgje med utviklinga. Om det blir gjort stor skade på konstruksjonar så må vi ta oppatt den diskusjonen. Det er ei utfordring å halde vedlike ein slik gamal veg med så tunge bussar, men samstundes er det ein del av turistvegen å kunne køyre cruiseturistar over, så det vil vere eit drastisk steg å sette slike avgrensingar.

Det er ikkje aktuelt å legge fast dekke på vegen på Oppland-sida, seier Hagen.

– Nei, vi har ein verneplan som tilseier at vi ikkje kan gjere det. Det må i så fall bli ein større diskusjon dersom det skulle bli aktuelt. Men det kan bli eit tiltak dersom vi ser at det skjer noko med konstruksjonen av vegmurar.

«Denne pokkers vegen»

Rune Mikal Hetle køyrde gamle Strynefjellsvegen for første gong tidleg på 70-talet. No har han pensjonert seg, men tek ein del køyreoppdrag i turistsesongen. På Facebook-sida si luftar han frustrasjonen sin etter ein busstur på vegen.

Hadde nokon den gongen sagt at eg 41 år seinare framleis skulle teste "blodtrykket" sommarstid på denne pokkers vegen, hadde eg gapskratta. Men det er no slikt eg held på med... Steng vegen for køyretøy med meir enn 3500 kg. totalvekt, eller set vegen i stand.