NRK Meny
Normal

– På slike dagar kan vi fly i timesvis

Det fine vêret dei siste dagane lagar perfekte forhold for paragliding.

para

Sjå video nederst i saka

– Vi er ganske ivrige på å fly no, seier Arne Jan Kleiven.

For få timar sidan flaug han fritt 900 meter over Førde, med berre ein skjerm over seg. Onsdag hoppa eit titals flygarar frå Hafstadfjellet i Førde.

Flyg i timevis

Ifølgje han er vêret årsaka til at det er så mange paraglidar å sjå på himmelen denne veka.

Luftstraumar som stig vertikalt på grunn av solinnstråling mot bakken, i tillegg til varmluft som stig vertikalt oppover, skapar oppdrift gjer at flygarane kan ligge å flyte på luftstraumane i fleire timar.

– Dette er absolutt det beste vêret vi kan ha. På slike dagar kan vi flyge fritt i kring seks timar, fortel Kleiven.

– Miljøet veks

Kleiven har vore aktiv i Fjordane luftfartsklubb sidan 1978. Då bestod klubben av kring ti personar. No er dei 45.

– Mykje skuldast nok at mange ser oss frå Hafstadfjellet i Førde og lurer på kva vi driv med. Vi blir større heile tida, det er kjekt.

Seinast denne veka tok han med seg ein passasjer og flaug tandem.

– Sporten gjev oss fantastiske naturopplevingar frå eit perspektiv som er uvanleg for oss menneske, seier Kleiven.

Eit titals paraglidar var å sjå på himmelen over Førde onsdag. Musikk: Aurora Aksens: Awakening
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.