NRK Meny

– Nyttelaust utan naudnett

– Det er nyttelaust å drive redningsarbeid utan naudnett, seier brannsjef Gaute Johnsgård til Sogn Avis etter ei brann- og redningsøving i Bermålstunnelen mellom Årdal og Fodnes sist veke. Øvinga viste at det berre er naudnett 50 meter inn i tunnelen, seier Johnsgård. Dermed kan ikkje brann- og redningsetatane kommunisere med kvarandre dersom ei ulukke skulle skje lenger inne i tunnelen. Fylkeskommunen brukar 50 millionar på å ruste opp tunnelen, men har ikkje tatt kostnaden med å legge inn naudnett.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå