NRK Meny
Normal

– No kan vi fungere som normalt

AURLAND (NRK): Fjellet Stampa i Flåm i Aurland skal overvakast døgnet rundt og nytt varslingssystem for flodbølgjer skal på plass. Folket i Flåm opplever det som ei stor lette.

Noralv Distad med NVE-rapport

RAPPORT: Her står ordførar i Aurland, Noralv Distad, med ein rapport frå NVE om fjellet Stampa, og faren det utgjer.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Det er veldig ubehageleg å køyre forbi fjellet kvar dag. Eg tenkjer mykje på det, så det er herleg at ein no skal følgje betre med, eg blir glad av å høyre det. Det seier Ronja Hagan Bølge, som køyrer forbi det urolege fjellet kvar dag på veg til jobb.

Ronja Bølge

LETTA: Ronja Bølge er letta over opptrappinga til NVE. Bølge fryktar nemleg at ei stor bølge skal skape flaum i Flåm.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Det har lenge vore kjent at delar av fjellet Stampa er uroleg, og i verste fall kan rase ut. Eit slikt ras kan skape ei stor flodbølge som vil rase inn mot bygda Flåm.

I dag har NVE annonsert at dei tek til med kontinuerleg overvaking av det ustabile fjellpartiet. Samstundes installerer dei eit oppdatert varslingssystem, i tilfelle ei flodbølge skulle sette inn.

Utsikt over flåm

FLÅM: Her ser ein bygda Flåm i Aurlandsfjorden. Eit ras frå fjellet Stampa vil råke bygda

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Har levd med det lenge

Ordførar i Aurland, Noralv Distad, seier at det er godt å få ei avklaring.

– Dette har vore ei problemstilling lenge, og ulike rapportar har kome til ulike konklusjonar. Det er godt å endeleg få på plass ei skikkeleg overvaking, og eit godt system for varsling. Då kan vi halde fram som normalt utan å la oss plage av utryggleiken, seier Distad.

På nærbutikken i Flåm har dei fleste NRK treffer på eit forhold til fjellet og faren det utgjer.

– Vi har jo vore klare over at kan rase ned i over ti år no, men det er ikkje noko ein går og tenkjer på. Eg kjenner meg ikkje utrygg her i Flåm, eg kjenner meg så trygg som ein kan gjere å Vestlandet. Det seier Eirik Sønnerheim.

Eirik Sønnerheim

IKKJE REDD: Eirik Sønnerheim tenkjer ikkje så mykje over fjellet og ei mogleg flodbølge.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Ronja Hagan Bølge innrømmer derimot at ho tenkjer på det, og at det har vore noko som har skapt frykt.

– Om det skulle gå gale er det veldig mange liv som kan gå tapt, så eg føler vi ligg veldig utsett til om det skulle kome ei flodbølge i Flåm, seier Bølge.

Geolog Blikra over Stampa

INSPISERTE: sjefgeolog hos NVE, Lars Harald Blikra, inspiserte fjellområdet Stampa frå helikopter om morgonen tysdag.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Ein kommune som har opplevd mykje

Noralv Distad er letta, særleg med tanke på dei gongene det har gått gale i hans eiga tid som ordførar.

– Vi har heilt særeigne utfordringar her i Aurland. Dei siste 15 åra har vi sikkert brukt 70 millionar kroner på ulike typar sikring for flaum og ras. Også har det gått gale fleire gonger, og det er viktig for oss å få på plass meir tryggleik.

I juli i år raste kjempesteinar ut på E16 ved Gudvangen, i 2015 og 2013 brann det i Gudvangatunnelen og i 2014 vart bygda Flåm hardt råka av flaum. Kommunen er har mykje erfaring med ulukker og naturkatastrofar.

– Vi har opplevd mykje, og då er det klar det er ekstra viktig å få på plass denne tryggleiken, seier Distad.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.