Hopp til innhold

– Nils Olav er eit godt føredøme

Skal du snart ta til i din første sommarjobb? Då bør du ynskje deg ein arbeidsgjevar som Nils Olav Øy.

Nils Olav Øy og Øyvind Møller

– GJER SOM NILS OLAV: Øyvind Møller i sommarpatruljen til LO (t.h.) meiner butikksjef Nils Olav Øy gjer alt rett når han tek inn vikarar.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Det meiner iallfall Øyvind Møller i sommarpatruljen til LO.

– Det Nils Olav gjer er veldig bra. Han har eit utruleg godt system på kontraktar og opplæring. Han fylgjer opp alle som jobbar her på ein veldig god måte. Vi i LO håpar at andre arbeidsgjevarar tek lærdom av han.

– Vil gje dei ein god start

Nils Olav Øy er butikksjef på Meny på Amfi Sogningen i Sogndal. Han meiner det er viktig korleis dei unge blir møtt.

– Eg har vore ung ein gong sjølv. Dei er nye i jobben, det er kanskje første jobben dei har, dei veit ikkje heilt kva dei går til. Og då skal iallfall eg som arbeidsgjevar gje dei ein god start.

Øy meiner det er vesentleg å ha god kontakt med foreldra når vikaren er under 18 år.

– Eg gir alle foreldre eit skriv med kva dei har krav på, kva tid dei får løn, kor mykje dei får, og så får dei skriftlege arbeidsavtalar som også foreldra skal skrive under på.

På Meny i Sogndal er det også utanbygds studentar som har deltidsarbeid. Dei fleste av desse reiser heim i sommarferien, og blir då avløyste av lokal ungdom. Så får dei att jobben når dei kjem til Sogndal att i august.

– Og så har eg ungdom som har jobba hjå meg før og som no er på skule andre stader. Desse får sommarjobb her når dei er heime i Sogndal.

Øyvind Møller

IKKJE BERRE VELSTAND: Øyvind Møller seier at det er mange arbeidsgjevarar som ikkje møter sommarvikarar på ein god måte.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Mange brot på reglane

Og det at dei kjem tilbake betyr at dei har vore nøgde med arbeidsplassen. Men det er slett ikkje alle som tek imot sommarvikarar på ein like god og profesjonell måte, seier Øyvind Møller i LO.

– Dessverre, sommarpatruljen til LO finn brot på reglane i kvart femte besøk. Det er spesielt mykje svikt når det gjeld arbeidskontraktar og opplæring.

Han meiner alle partar har mykje å tene på at sommarvikarane får god opplæring.

– Vikarane blir tryggare på korleis han skal gjere arbeidet, trivselen blir betre, og dermed blir effektiviteten og produktiviteten betre, og det tener arbeidsgjevaren på. Då får dei nøgde arbeidstakarar som gjerne kjem att år etter år, slik dei gjer her på Meny.

– Flott norsk ungdom

Mange arbeidsgjevarar meiner at norsk ungdom manglar arbeidsmoral. Det er berre tull, seier butikksjef Nils Olav Øy.

– Det er eg heilt usamd i. Vi har ein flott norsk ungdom i dag. Men det er vesentleg at dei får god opplæring, og så må vi tore å gje dei ansvar. Du blir ikkje ein god fotballspelar om du ikkje får speletid.