Hopp til innhold

– Ein sparar tid, pengar og det er veldig enkelt

Lege.no blir kalla «ein genial idé» av juryen. Dei ein av fem finalekandidatar til prisen Årets Gründer 2012.

Lege.no på Mjømna.

LEGE. NO: Dagleg leiar Solveig D. Kristiansen og gründer Njål Wilberg.

Foto: Birger Meland / NRK

Fram til 1. november kan du stemme på den kandidaten du meiner fortener å bli årets gründer. Prisen blir delt ut under Temposeminaret i Florø 1. november.

– Kjekt å vera i finalen

Lege.no vart skipa i januar 2012, har adresse på Mjømna, og er eit føretak som tilbyr legehjelp via Internett. Brukarane kan vere anonyme. Tilbakemeldinga er rask (direkte kontakt med legar i opningstida).

Alle konsultasjonar skjer skriftleg, og lege.no er einaste nett-legetenesta som tilbyr live chat med legen.

Tilbodet vil kunne effektivisere helsetenesta, og gjere konsultasjonane kjappare, enklare, billegare og meir praktisk for pasientane.

– Det er veldig spanande å vera med i finalen, seier Solveig D. Kristiansen, dagleg leiar i lege.no.

Nyttar innleigd legekraft

Solveig Daae Kristiansen

Solveig Daae Kristiansen

Foto: privat

Desse står bak lege. no: Dagleg leiar: Solveig D. Kristiansen, driftsleiar: Adam Owen. Styret: Njål H. Wilberg, Francis B.S. Rath og Bjørn H. Grene.

– Det er eit ynskje om å gjera det enklare for pasientar, at ein skal sleppa å reisa til legen fordi ein kan få råd og hjelp til kva det kan vera utan å måtte møta opp på legekontoret.

Dei nyttar innleigd legekraft til å svara på brukarane sine spørsmål, og har seks legar som sit klare til å chatta med pasientar.

– Eg har jobba me søketenester nokre år, og ein av dei tinga me såg mange søkte på var helsespørsmål. I staden for å prøve å møta det behovet med sider som ikkje er oppdaterte og ikkje er heilt presise i forhold til det brukaren vil ha svar på, so ynskte me å knyta det direkte opp mot ekte menneske i den andre enden. Dei gir langt meir presise svar til den enkelte brukaren, seier gründer Njål Wilberg.

– Er det framtidas legeordning?

– Ja, det vil i alle fall senka barrieren for å ta kontakt med legen. No, ikkje i framtida, men no, seier Wilberg.

«Ein genial idé»

Simen Staalnacke

SUKSESSFULL: Simen Staalnacke frå Stryn er ein av karane bak klesmerket Moods of Norway.

Foto: Kamilla Pedersen / NRK

– Lege.no er ein genial idé. Eg tykkjer det er ein fin måte å effektivisere helsetenesta, og det gjer konsultasjonar billegare for brukarane. Ein sparar tid og pengar og det er veldig enkelt, seier ein av jurymedlemane, Simen Staalnacke.

Totalt kom det inn 31 kandidatar i konkurransen om å bli årets gründer i Sogn og Fjordane.

– Eg har kjempetru på dei, og dei høyrer til dette miljøet på Mjømna der det har vokse opp fleire spanande it-bedrifter. Men dei må spissa seg meir inn mot ei nisje, og finna éin ting dei skal vera best på, seier Halvar Flatland, også i juryen.