Hopp til innhold

– Kan bli oppfatta som manipulering av resultatet

I går skulle Sentio Research vere ferdige med å stille spørsmål til innbyggarar i Vågsøy. I dag har fleire av dei som svara nei til samanslåing mellom Vågsøy og Flora blitt ringt opp igjen.

Geir Oldeide

UFINT: Geir Oldeide i Raudt meiner det er eit overtramp mot innbyggarane i kommunen når Sentio Research spør folk om dei er interesserte i ei kommunesamanslåing der også Bremanger er med.

Foto: Kristin A. Oldeide

– Dette kan blir oppfatta som eit forsøk på manipulering av resultatet, seier kommunestyrerepresentant for Raudt i Vågsøy, Geir Oldeide.

Han meiner forhandlingsutvalet i Vågsøy går utover sine mandat når dei no har instruert Sentio Research om å legge til eit spørsmål i innbyggarundersøkinga om samanslåing mellom Vågsøy og Flora. Spørsmålet som er lagt til er kor vidt folk ville svare ja til ei samanslåing dersom Bremanger blir ein del av samanslåinga.

Resultatet ikkje klart

Ordførar i Vågsøy, Kristin Maurstad (Ap), meiner forhandlingsutvalet har følgt spelereglane og seier at verken ho eller nokon andre i utvalet kjenner til resultatet i undersøkinga som skal bli publiserte i ein rapport som kjem på fredag.

– Vi fekk i dag vite at Sentio Research låg litt bak skjemaet med undersøkingane. Så er det slik at det på folkemøta den siste tida har vist seg at innbyggarane både i Vågsøy og i Flora har vore veldig opptatt av Bremanger. Vi synest det ville vere interessant å sjekke om dette er så utbreidd som vi har fått inntrykk av, seier Maurstad.

Kristin Maurstad

NATURLEG: Ordførar i Vågsøy, Kristin Maurstad, meiner det er naturleg å stille eit ekstra spørsmål i innbyggarundersøkingane når så mange har vist interesse for ei samanslåing med Bremanger.

Foto: Trond Vestre / NRK

Ringde folk tilbake

Ho fortel at forhandlingsutvalet og dei to kommunane diskuterte saka og vart einige om å tilføye eit spørsmål. Dette har ført til at folk som tidlegare har svart nei no har fått ein ny telefon.

– Sentio Research spurte nok begge spørsmål til dei som dei ikkje hadde spurt før, men så måtte dei også ringe nokre tilbake for å få eit representativt utval, seier Maurstad.

Meiner spørsmålet er ukurant

– Det er nærliggande å tenkje at dette er eit forsøk på å endre spelereglane undervegs, seier Geir Oldeide i Raudt.

Han meiner det er rart å skulle stille spørsmål om ei samanslåing der også Bremanger er med når folk i Bremanger ikkje er interesserte i ei samanslåing.

Vil ha unnskyldning

Oldeide meiner forhandlingsutvalet har gjort eit overtramp mot innbyggarane når dei har lagt til eit spørsmål i undersøkinga.

– Dei bør be om unnskyldning og sjå vekk frå resultatet av denne undersøkinga, seier Oldeide.

Den unnskyldninga får han nok ikkje frå ordførar Kristin Maurstad som meiner dei ikkje har gjort noko feil.

– Det kan hende vi burde stilt dette spørsmålet frå starten av, men eg meiner vi har gjort det som tilbakemeldingane har gitt oss behov for å gjere. Det er uaktuelt å be om unnskyldning, seier Maurstad.