– Ikkje nok hendingar til døgnvakt

– Ja, vi kunne prioritert å ha ein patrulje på vakt i Sunnfjord 24/7, men det skjer for lite, seier regionlensmann Dag Fiske til Firdaposten. Svaret kjem etter to hendingar i Florø der redde innringjarar har fått beskjed om å ordne opp sjølve. Seinast skjedde dette døgnet før knivdrapet 15. november, då den no sikta 27-åringen oppsøkte og skremte folk i nabolaget. Naboane fekk beskjed av politiet om å gå ut og vise vekk mannen. Regionlensmannen seier til Firdaposten at det ville gått utover andre oppgåver om dei skulle hatt politipatruljar på vakt døgnet rundt. I dag har regionen berre såkalla beredskapsvakter på kveld- og nattetid.

Dag Fiske
Foto: SIGRID SIVERTSEN HAUGAN / NRK