– Har aldri sett så mykje folk her

Fleire skisenter melder om skiløparar og påsketuristar i hopetal på den første fine dagen i påska, men likevel merkast det at påska er sein i år.

Påske på Sognefjellet

PÅSKE PÅ FJELLET: Mange tok turen til Turtagrø for å nyte påskevêret på sitt beste.

Foto: Ove Fortun

– Folk har ikkje sett så mykje folk i området før, seier Ove Fortun.

Han har i mange år preparert løyper på Sognefjellet, og fortel om stor utfart langfredag. I området mellom Turtagrø, Sognefjellshytta og Krossbu reknar dei med at om lag 3000 påsketuristar og skiløparar.

Har sendt folk opp i hopetal

– Det vart talt 550 bilar på Sognesida og 500 på Opplandsida, og vi trur det kan ha vore i gjennomsnitt tre personar i kvar bil, seier Fortun.

Og etter det han har fått opplyst er det fullt på Turtagrø og Sognefjellshytta fredag kveld.

Også ved Sogn skisenter har det vore mykje folk etter høva.

– Det er lite snø nede i alpinbakken, så det er langrenn som er den store slageren. Vi har sendt folk i hopetal med heisen opp på fjellet. Eg har ikkje eit konkret tal, men eg reknar med at det har vore ein stad mellom 150 og 200 menneske der i dag, seier driftsleiar Runar Tørvis.

Dårleg med alpint

Han fortel at spesiell sesong med lite snø har ført til lågare trafikk enn tidlegare, men trass i at det står dårleg til med alpinbakken har han ikkje fått ei einaste klage.

– Det verkar som at interessa dett litt no når det byrjar å bli grønt på plenane til folk, seier han.

Og sjølv om det ikkje blir store overskotet kassa av å halde heisen open for dei som vil til fjells, meiner han det likevel er verdt det.

– Vi er eit lokalanlegg som skal yte service.

Ved Utvik Breimsbygda skisenter kan dei også melde om mykje påsketuristar som var ute og kosa seg i løypene.

– Det var ein del folk, ja. Det var vel nesten fullt oppe på toppen. Det er ganske bra høve når ein kjem litt opp i høgda, seier driftsleiar Kåre Solheim.

(Artikkelen held fram under biletgalleriet)

Få deltakarar på Nakkjen ned

Under arrangementet «Nakkjen ned» ved Nordfjord Fritidssenter langfredag, merka dei også at vårstemninga har teke tak blant mange.

Dei 43 deltakarane som sette utfor Nakkjen med sine 1133 høgdemeter, var ein god del under normal deltaking.

– Vi opplever vel at folk begynner å få litt vårfornemming, det er nok det som er grunnen reknar eg med, seier rennleiar Oddvin Myklebust.

Melder om fine turhøve

Men for dei som var med var opplevinga heilt topp, kan han slå fast.

– Grunna litt lite snø i den nedste delen av den vanlege løypa flytta vi i år innkomsten til sætervollen Smørdalen lenger aust. Smørdalen ligg om lag 670 meter over havet. Det vart litt lenger å gå, men det var veldig fint vêr og fint føre. Området viste seg frå si beste side. Etter innkomst tok løparane seg tilbake til senteret via Holmøyskarsløypa der vi grilla og hadde premiering, fortel Myklebust.

Han tykkjer det er synd at ikkje fleire deltok, men oppfordrar no alle om å ta skituren frå Nordfjord Fritidssenter.

– No er det veldig fine turløypehøve, og ein kan faktisk gå heilt frå senteret og ganske langt. Vi har preparert store delar av Holmøyskarstraséen.