Hopp til innhold

Midt i verdsarvområdet flyt det med søppel og området gror att

Kaibillettørane i Gudvangen har fått nok: – Det flyt over med bos, skiltinga er dårleg og utdatert og informasjonen til turistane er ikkje god nok.

Eirik Hylland

BOS I BLOMSTERBEDET: Når turistane ikkje finn bosbøtter, tek dei blomsterbeda til nytte. Eirik Hylland er lei av at Gudvangen blir forsømt.

Foto: Arne Veum

Kaibillettørane Eirik Hylland (19) og Ole David Listou (20) meiner Gudvangen, inngangen til verdsarvområdet i Nærøyfjorden, ikkje blir teken godt nok vare på.

– Me har sett opp eit bosspann på eige initiativ, og kjøper bossekkar sjølve for å prøva å halda det litt ved like her inne, seier Hylland til NRK.

Ferjekaien i Gudvangen gror att

UGRAS OG BOS: Slik ser inngangen til Nærøyfjorden ut.

Foto: Arne Veum

– Dette står ikkje i jobbeskrivelsen vår, dette har me gjort på eige initiativ, seier han.

Ustelt

Det var Sogn Avis som først skreiv om saka i dagens papirutgåve.

Heile Gudvangen ber preg av å vera ustelt. Graset langs kaien er langt og fullt i ugras, på bakken ligg det jamnt og trutt med bos og papir og bosbøtter og containerar er det lite av.

Bos i Gudvangen

CONTAINEREN ER FULL: At ein av dei få containerane er fulle er ikkje uvanleg i Gudvangen.

Foto: Arne Veum

– Turistane hiv bos over alt, fordi det er ingen stad dei kan kasta ting.

– Me har ei postkasse me brukar til internpost, men til slutt måtte me setja opp eit skilt der me presiserte at det ikkje var ei bosbøtte for at den ikkje skulle bli full av søppel, seier Hylland.

Dårleg skilting

Han og Listou er heller ikkje veldig imponert over skiltinga i bygda.

– Skiltina er rimeleg dårleg. Det er to år sidan ferja til Lærdal vart kutta, men skiltet er her endå. Me teipte over det i fjor, men det er ikkje teke vekk eller noko slikt.

Dei har også spurt etter eit nytt skilt om ferja som skulle gå til Flåm. Då det først kom, var det feilskrive.

– Det stod «Flåm 4», nett som om det skulle vera fire kilometer til Flåm. Det skulle bety «Flåm - fil 4», seier han oppgitt.

Gangbrua i Gudvangen

GROR ATT: Det gror att rundt gangbrua over elva i Gudvangen.

Foto: Arne Veum

Han ramsar opp meir som burde blitt gjort noko med. Rutetidene til buss meiner han er uoversiktelege og forvirrar turistane.

– På skiltet der rutetidene står, så står det ein liten «a» bak tidene, og nedst på lista står det at det betyr at bussen går frå hovudvegen (E16), og det er jo ikkje så lett for turistane å vita det. Ein må få opp store skilt med tydelege tal på når det er avgang frå Gudvangen til Voss og Flåm.

– Nedprioritert for Flåm

Over fjellet, i Flåm, er det heilt andre tilstandar. Graset er velstelt og det er god skilting.

– I Flåm har dei elektroniske skilt om når det er avgang for ferjene, me er ikkje i nærleiken av å ha det same.

Eirik Hylland snakkar med turistar i Gudvangen

MÅ INFORMERA TURISTANE: Kaibillettørane må kunna litt om både buss, bos og ferjer når turistane kjem med spørsmåla sine.

Foto: Arne Veum

– Me merkar at turistane må spørja etter alt mogleg. Då skjønar me at det ikkje er godt nok. Det er ikkje lett for oss å vita heller kva buss som går frå kaien og kva som går frå hovudvegen.

– Både kommunen, busselskapa og Fjord1 må gjera sitt og samarbeida med dei andre, få på plass meir skilting og betre informasjon, og kommunen må ordna boset, seier Hylland.

– Er forbetringspotensiale

Terje Stub, Fjord1 sin driftsleiar på sambandet Kaupanger-Gudvangen, er ikkje like krass i orda, men skjønar kva ferjebillettørane meiner.

– Me forheld oss til hamnevesenet i Aurland. Me har gitt uttrykk for kva me tykkjer må forbetrast, og peikt på at det er forbetringspotensiale i forhold til korleis det er i Flåm, seier Stub.

Hamnesjef i Aurland, John Erik Johnsen, hadde ikkje høve til å kommentera saka til NRK, men til Sogn avis sa han følgjande:

«Problemet er at me ikkje har faste folk inne i Gudvangen, men me har folk der inne av og til for å sjå etter området og rydda.»

«...Kaiområdet i Gudvangen består for det meste av tekniske anlegg og ein kan ikkje samanlika det med Flåm.»

Ferjekaien i Gudvangen

MANGE I GUDVANGEN: Det er mange som tek ferja til og frå Gudvangen.

Foto: Arne Veum