Det var avisa Firda som onsdag kunne fortelje at Ree Mining AS og Ree Exploration vil finne ut om det er drivverdige førekomstar av jern, mangan og titan i Naustdal sentrum og i fjellet rundt Steinkrossen og Vindkjegla.
– Eg er leiar i Nausta elveeigarlag, og det er heilt uaktuelt for oss å akseptere gruveaktivitet nær tilstøytande til Nausta, som er eit verna vassdrag og eit nasjonalt laksevassdrag og som munnar ut i Førdefjorden, som er nasjonal laksefjord.
– Ikkje tiltru
Erdal er også den største grunneigaren i det aktuelle området og vil kjempe imot gruvedrift med alt han kan mobilisere.
– Eg kjem til å gjere det eg kan for å stikke kjeppar i hjula for dette prosjektet. Eg finn ikkje grunn til å tiltru denne næringa noko som helst.
Eiliv Erdal viser til miljøkonsekvensar i Jøssingfjorden.
– Vi ser bilete av den fjorden 32 år etter at deponiet var avslutta. Det ser ut som ein undervassørken. I tillegg har vi røynsle frå fleire stader i Nord-Norge. Dette er ei næring som ikkje er moden til å eksistere i Norge i dag, og eg ynskjer iallfall ikkje at det skal skje i Naustdal sentrum.
- Les også:
- Les også:
Leitar etter samarbeidspartner
Øyvind Standeren Pedersen, som står bak Ree Mining AS og Ree Exploration, seier til Firda at det ikkje er sikkert at det skjer noko meir, men at dei leitar etter større selskap som kan fatte interesse, og at det kan vere aktuelt å samarbeide med Nordic Mining.