Hopp til innhold

Slik set dei fokus på likelønsdagen

– Frå i dag og ut resten av året jobbar lærarar, sjukepleiarar, barnehagelærarar, helsesøstrer, fysioterapeutar, forskarar med fleire – gratis.

Rønnaug Dvergsdal om likelønsdagen

LIKELØNSDAGEN: Rønnaug Dvergsdal i Utdanningsforbundet er ei av mange som stiller seg spørsmålet om kvifor det framleis er så store lønsskilnader mellom menn og kvinner.

Foto: Åse Karin Hansen/Privat

Slik startar kronikken skriven av fire kvinner, alle tilsette i kvinnedominerte yrke. Rønnaug Dvergsdal (Utdanningsforbundet), Sissel Varden (Norsk sjukepleiarforbund), Bjørg Marifjæren (Fysioterapiforbundet) og Sigrun Espe (Forskerforbundet) vil med dette sette fokus på likelønsdagen.

«Equal Pay Day» blir markert verda over, og set fokus på korleis kvinner framleis tener mindre enn menn. Rønnaug Dvergsdal forstår ikkje kvifor realiteten framleis skal vere slik at kvinner i kvinnedominerte yrke i Norge skal tene 85 prosent av det menn i mannsdominerte yrker med like lang utdanning gjer.

– Eigentleg kan vi som jobbar i dei kvinnedominerte yrka gå heim i dag og ta fri. I forhold til dei mannsdominerte yrka i privat sektor jobbar vi no gratis ut året, seier Dvergsdal.

– Gapet har vakse

Og ting har ikkje blitt betre med åra, seier Dvergsdal som viser til at lønsgapet berre har blitt større.

– I 2003 tente ein offentleg tilsett med meir enn fire års utdanning 130.000 kroner mindre enn ein tilsvarande lang utdanning i privat sektor. Ti år etter, i 2013, har gapet auka til 187.000 kroner. Det er mykje, seier ho oppgitt.

UNIO har over 330.000 medlemmer fordelt på 12 forbund, der dei største er Utdanningsforbundet, Norsk Sykepleierforbund og Forskerforbundet.

I ein kronikk skriv Unio-leiar Anders Folkestad at «Equal Pay Day» må markerast også i Norge, sjølv om vi er eit av dei mest likestilte landa i verda.

– Både politikarar og andre må minnast om den lønsmessige uretten kvinner blir utsette for, nasjonalt og globalt, er oppmodinga frå Folkestad.

Fryktar dei unge vel vekk «kvinneyrka»

I Førde deler det Rønnaug Dvergsdal i Utdanningsforbundet det synet.

– Likeløn handlar om at dei typiske kvinneyrka må vere like mykje verd. Samfunnet er avhengig av begge yrkesområda, seier ho.

Og noko må skje, og det fort, seier Dvergsdal. Utan meir lik løn kan Norge stå framfor store utfordringar om kort tid.

– Vi står føre store utfordringar når det gjeld yrkesdeltaking og rekruttering til yrka innanfor helse og omsorg og utdanning, der dei kvinnelege tilsette dominerer.

– Dei unge i dag vel ofte utdanning etter løn. At dei offentlege yrka ligg på ei løn som berre er 85 prosent av det dei tener privat, det talar ikkje godt for oss.

Politikarane må rydde opp

– Det er politikarane som sit med nøkkelen, seier ho vidare og meiner dei ofte snik seg unna ansvaret.

Dvergsdal meiner det er feil av politikarane når dei meiner spørsmålet om likeløn er noko partane i arbeidslivet må handtere.

– Det er politikarane som må vedta at det skal vere likelønn, og eg håpar dei politiske partia tek ansvar og går grundig inn i dette, seier Dvergsdal.