Hopp til innhold

- Vi har berga mange norske arbeidsplassar

LHO og NHO vart i kveld samde om årets lønnsoppgjer. Det blir eit nulloppgjer for dei fleste, men eit tillegg på 1,75 kroner i timen for dei lågtlønte. – Dette oppgjeret bergar mange norske arbeidsplassar, seier NHO-direktør Kristin Skogen Lund.

Direkte i Kveldsnytt om lønnsoppgjøret.

VIDEO: Skogen Lund og Kristiansen er enig.

Resultatet for dei aller fleste blir på 2,7 prosent, noko som når ein trekkjer frå prisstiginga blir eit nulloppgjer. NHO-direktør Kristin Skogen Lund meiner begge partar har grunn til å vere nøgde med resultatet, fordi det vil berge mange norske arbeidsplassar.

- Solidarisk oppgjer

– Eg er spesielt glad for at vi fekk til denne auken på 1,75 kroner i timen for dei lågtlønte. Dette er eit solidarisk oppgjer der vi prioriterer dei lågtlønte og likelønn, og held oppe kjøpekrafta. Vi lyfter dei lågtlønte, det er null i det generelle tillegget, og totalt er dette bra for det norske samfunnet, seier LO-leiar Gerd Kristiansen.

Kristin Skogen Lund meiner at tillegget til dei lågtlønte er innanfor ei rimelege ramme, og at Noreg no er i ferd med å kome på nivå med dei vi konkurrerer med. Ho kallar resultatet eit rimeleg kompromiss.

Lønnsoppgjeret kom altså i hamn etter forhandlingar mellom partane, utan hjelp frå Riksmeklaren. Forhandlingane starta for litt under to veker sidan.

175.000 LO-medlemer

Dette oppgjeret gjeld dei såkalla frontfaga og omfattar rundt 175.000 medlemer i LO. Totalt vil 20 prosent av alle arbeidstakarane få lågtlønnstillegget på 1,75 kroner i timen.

Resultatet i forhandlingane for frontfaga brukar å setje ein mal for dei andre lønnsoppgjera.

YS-leiar Jorunn Berland seier til NTB i kveld at omsynet til konkurranseutsett industri har vegd tungt under forhandlingane i år.

- Vi har teke eit stort ansvar og gitt vårt bidrag til eit svært ansvarleg oppgjer i privat sektor. Omsynet til den konkurranseutsette industrien har voge tungt under forhandlingane, seier YS-leiaren.

Oppgjeret omfattar rundt 17.500 YS-medlemer i Yrkestrafikkforbundet, Parat, Negotia, SAFE, Delta og Stafo.

LES OGSÅ: Pensjonistene kan bli taperne i lønnsoppgjøret

AKTUELT NÅ