– Fleire vart kasta att og fram i bussen

STRYN (NRK): Passasjerane som sat i bussen som bles utfor vegen på Dovrefjell opplevde hendinga som svært dramatisk.

Kristian Nilssen

VART MERKA: Ingen fekk alvorlege skader då bussen hamna utfor vegen, men passasjer Kristian Nilssen er likevel merka etter ulukka.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Det er jo ei dramatisk oppleving for kvar og ein.

Det seier Kristian Nilssen, ein av dei 13 passasjerane som sat i bussen som velta utfor vegen på grunn av svært kraftig vind. Sjølv fekk han eit svært blåmerke i sida.

Fjordekspressen til Nor-Way Bussekspress var på veg frå Trondheim til Bergen då ulukka skjedde. Bussen tilhøyrer selskapet Firda Billag i Førde.

Fleire låg og sov

Nilssen fortel at det skjedde veldig plutseleg. Fleire låg og sov då vinden tok kraftig tak i bussen.

– Eg sat langt bak i bussen og tok av meg setebeltet for å kople til ladaren på telefonen. Akkurat då begynner det å riste. Då eg ser opp får eg med meg at bussen køyrer av vegen parallelt med vegen og hamnar på sida i ei rørsle. Så det skjedde ganske raskt. Det var tydeleg at det var vinden som gjorde det.

– Folk låg og sov. Det var fleire som vart kasta frå eine sida til den andre sida i bussen, seier Nilssen.

Gå til forsiden

Buss bles av vegen på Dovrefjell

Busulukke Dovrefjell

Buss bles av vegen på Dovrefjell

10 bilder

    Vart leia ut av to brannmenn

    Bussen landa ifølgje han på sida to-tre meter frå vegbana.

    – Det var ingen ruter i bussen som knuste, og det var ingen personskade. Så vi vart einige om å bli i bussen. Så kom politi og ambulanse, men dei hadde store problem med å halde seg på vegen sjølv. Eg var ikkje skadd i det heile, men vart leia av to store, vaksne brannmenn fordi det var så kraftig vind, seier han.

    Politiet i Gudbrandsdal politidistrikt sa tidlegare i dag at det ikkje var grunn til å tru at bussjåføren gjorde noko gale. Det trur heller ikkje Nilssen.

    – Tvert om fekk eg inntrykk av at han klarte å styre bussen så den ikkje landa i steinrøysene som var få meter unna.

    Buss velta på Dovrefjell

    ULUKKE: Bussen bles utfor vegen.

    Foto: Mona Maria Løberg / 03030-tipser

    Rosar bussjåføren

    Den erfarne bussjåføren får også ros for si handtering av ulukka frå fleire av passasjerane. Natalie Lovise Lie fortel at han heldt roa.

    – Han takla det veldig fint. Han var roleg og kom bort til alle og spurte om det gjekk bra og informerte oss om det som skulle skje, seier ho.

    natalie lie bussulukke dovrefjell

    HANG I TAKET: Natalie Lie fortel at ho vakna av at ho hang i taket.

    Foto: Silje Guddal / NRK

    Sjølv låg ho og halvsov då bussen hamna på sida i grøfta.

    – Men eg var ikkje heilt vaken før eg hang i taket. For eg hadde belte på meg, så når bussen låg på sida så låg eg i taket, fortel ho.

    Etter å ha vore ei stund i bussen kunne passasjerane ta seg ut gjennom takluka framme med hjelp frå bussjåføren.

    – Då var det mykje folk utanfor, mykje lys og sirener. Når vi kom ut måtte vi halde tak i ein brannmann som skulle leie oss vidare for det var så kraftig vind.

    Datt ned på andre passasjerar

    Også Mona Maria Løberg var skjelven etter ulukka.

    Mona Løberg

    LETTA: Mona Maria Løberg opplevde bussvelten på Dovrefjell.

    Foto: Mona Løberg

    – Eg hadde ikkje på meg bilbelte sjølv om eg nesten alltid har det, så eg datt ned på dei som sat ved sidan av meg. Men det gjekk heldigvis bra, seier ho.

    Løberg fortel at det var god stemning i bussen trass i den dramatiske opplevinga.

    – Folk var veldig letta over at det gjekk bra. Det var veldig spesielt, seier ho.

    Regjeringa vil ha større konkurranse i landbruket, men bøndene på Vestlandet er skeptiske.
    Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
    Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.