Hopp til innhold

– Fleire jerv må skytast

Meir jerv må takast ut for å minske sauetapet, seier viltforvaltar Hermund Mjelstad.

Jerv felt i Norddal kommune

Fylkesmannen meiner det må gjerast fleire uttak av jerv til vinteren og våren. Grunnen er høge sauetap.

Foto: Vegard Lødøen

Det har i år vore ein 50 prosent auke i søknadar om erstatning for sau og lam tapt på beite. Viltforvaltar Hermund Mjelstad hjå Fylkesmannen gir jerven skulda.

– Det er overraskande tal i forhold til kva me håpa og trudde før beitesesongen. Etter eit stort uttak av jerv i Indre Sogn, var det tru på at skadenivået skulle gå ned i sommar. Men det viste seg at jerven gjorde meir skade enn me hadde trudd.

I Indre Sogn vart det skote 11 jervar sist vinter, og viltforvaltaren trur det berre er ein måte å hindre store sauetap.

– Det må gjerast fleire uttak av jerv til vinteren og våren.

Bli med i debatten her.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Strenge krav til dokumentasjon

Fylkesmannen har i år fått inn 122 søknadar om erstatning, mot 98 søknadar i fjord. Mjelstad fortel at erstatningsreglane er strenge.

– Det skal vera ganske stor grad av dokumentasjon. I tillegg skal Fylkesmannen bruka skjøn for å vurdera sannsynet for at eit dyr er tatt av rovdyr.

Rovdyra kostar meir

I fjor vart det betalt ut 1,3 millionar kroner i erstatning for sau og lam tapt på beite,og totalsumen vil auke mykje i år, seier viltforvaltaren.