I Ytre Sogn tingrett vart mannen frikjend, men lagmannsretten dømde mannen til 21 dagar i fengsel for promillekøyring. No hevdar forsvararen Louis Anda at mannen vart dømd fordi eit sentralt vitne ikkje fekk høve til å forklare seg for lagmannsretten – eit vitne som tingretten la vekt på i si frifinning av mannen.
Aktor avviser kritikken
Men aktor Nanna Aaby tilbakeviser at det her er snakk om saksbehandlingsfeil frå politiet si side. Ho hevdar at vitnet braut alle avtalar og let vere å stille opp. Dessutan er ikkje dette vitnet så sentralt som forsvarar vil ha det til, seier Aaby.