Hopp til innhold

– Dette kunne gått mykje verre

Edvin Moen og Kjell Hefte rakk ikkje tenke mykje før bilen deira brått vart treft av eit møtande lastebilhjul. Dei prisar seg lukkeleg for at dei sat i ein stor varebil då uhellet var ute.

Edvin Moen og Kjell Hefte slapp frå det med skrekken i Lærdalstunnelen

HELDIGE: Edvin Moen (til venstre) og Kjell Hefte kjenner seg heldige som slapp frå det med skrekken.

Foto: Arne Veum/Aurlendingen

– Eg tenkjer på kva som kunne skjedde om dette hadde skjedd ein liten bil, eller endå verre, ein motorsykkel.

– Då kunne det gått skikkeleg gale, seier Edvin Moen (44) til NRK.no.

– Etter to sekund kom ein smell

Han og kameraten Kjell Hefte (53) var på veg frå Voss til Austlandet då turen tok ei brå vending inne i den nesten 25 kilometer lange Lærdalstunnelen på E16.

I det dei møtte ein semitrailer på veg sørover såg dei brått noko dei ikkje hadde venta.

– Det kom ein semitrailer imot, men vi snakka saman og tenkte ikkje så mykje over det. Men så såg eg i kvitauget eit hjul som kom imot…

– Men det gjekk så fort. Etter to sekund kom det ein smell, og så måtte vi stogge bilen, fortel Moen til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Semitrailer miste hjul i Lærdalstunnelen - personbil fekk materielle skader

MATERIELLE SKADER: Semitraileren miste tvillinghjulet på den bakarste akslingen. Den yttarste delen ramla av inne i tunnelen og trefte ein møtande personbil i fronten.

Foto: Arne Veum/Aurlendingen

– Eit sjokk

Uhellet skjedde vel fire kilometer inne i tunnelen frå Aurland-sida. Det som hadde treft dei var den eine delen av eit tvillinghjul som hadde stått på den bakarste akslingen på tralla.

– Alt skjedde i løpet av sekund. Vi fekk eit lite sjokk, for det var ein bra smell, men det gjekk heldigvis bra med oss, seier Moen.

Hefte fekk raskt stogga bilen og dei såg då dekket legge seg til rette midt i vegbana. Sjølv om bilen hadde fått seg ein kraftig smell i fronten var den køyrbar, og dei to valde å snu i håp om å få tak i føraren av semitraileren.

– Forundra over det som hadde skjedd

I tunnelmunningen skal den andre delen av tvillinghjulet ha ramla av, og føraren av semitraileren merka då at noko var gale. Han svinga inn på ein parkeringsplass, der Moen og Hefte kom i kontakt med den ulykksalige sjåføren.

– Han verka som ein seriøs sjåfør som hadde alt på stell, og verka forundra over det som hadde skjedd, fortel Moen om møtet med lastebilsjåføren.

Sjåføren skal ha uttrykt at han ikkje forstår kva som gjekk gale, og han uttrykte ovanfor NRK at han var glad for at det gjekk så bra som det gjorde.

Politiet var raskt på staden og snakka med dei involverte. Ved politiet sin operasjonssentral får NRK opplyst klokka 14.30 at politiet etterforskar saka på vanleg måte.

(Artikkelen held fram under biletet)

Lange køar på Aurlandssida etter at lastebil miste hjul i Lærdalstunnelen

KØAR: Det danna seg lange køar på begge sider etter at tunnelen vart stengd etter uhellet. Biletet syner dei lange køane på Aurland-sida.

Foto: Arne Veum/Aurlendingen

Kjenner seg heldige

Edvin Moen og Kjell Hefte vil halde fram turen mot Austlandet, men først må dei få henta seg ein ny bil.

– Eg er på veg tilbake til Voss for å hente ein ny bil, slik at vi får lasta om, seier Moen halvannan time etter uhellet.

Han prisar seg lukkeleg for at dei slapp unna med skrekken, men vedgår at dei kjem til å ha opplevinga nært i tankane på turen austover.

– Det blir kanskje litt til at ein tenkjer på at slikt kan skje. Det gjekk bra med oss, men det kunne gått verre om vi hadde blitt treft lenger oppe på bilen, seier han.

E16 Lærdalstunnelen var stengd i over ein time etter uhellet på grunn av opprydding av glaskor og bildelar som hadde blitt knust av bilen i samanstøyten. Klokka 13.45 melde Vegtrafikksentralen at tunnelen var opna att for vanleg trafikk.