Hopp til innhold

– Det var eit nervepirrande renn

Åge Solheim frå Nordfjordeid (Haugen IL) vann dagens FIS-renn i storslalåm i Olympiabakken på Hafjell etter ein imponerande 2. omgang.

Åge Solheim i storslalåm

GAV ALT: Åge Solheim køyrde ein veldig god 2. omgang og kneip sigeren i dagens FIS-renn i storslalåm.

Foto: Privat

Åge Solheim er akkurat komen heim til leilegheita si i Lillehammer etter dagens FIS-renn på Hafjell. Han er meir enn fornøgd med dagens løp. For resultatet var slett ikkje gitt.

– Eg hang litt etter i 1. omgang og gjorde fleire feil. I mål var eg sju tidelar bak han som leia løpet. Då hadde eg berre ei moglegheit. Og det var å gi alt i 2. omgang, fortel ein noko sjølvkritisk Solheim.

Men i 2. omgang køyrde han veldig bra. Sjølv om han ikkje er berre nøgd med det løpet heller.

– Eg gjorde eit par småfeil då og, men eg gav i alle fall alt eg hadde. Og det heldt akkurat til seier, to hundredelar framfor han som var nummer to, så det var eit skikkeleg nervepirrande løp, fortel Solheim.

Åge Solheim trenar slalåm

NERVEPIRRANDE: Åge Solheim vann dagens FIS-renn med minste margin.

Foto: Privat

Stor prestasjon

Atle Hamar

IMPONERT: Leiar i Alpinkomiteen i Sogn og Fjordane, Atle Hamar, rangerer dagens løp som eit av dei beste i karrieren til Åge Solheim

Foto: Rune Fossum / NRK

Leiar i Alpinkomiteen i Sogn og Fjordane, Atle Hamar, rangerer dette blant dei største prestasjonane til stjerneskotet, Åge Solheim.

– Olympiabakken er ein krevjande bakke. Dette var eit stort renn der ganske mange gode norske skikøyrarar var med. Det var ganske tett i teten, men Solheim klarte, etter særleg imponerande køyring i 2. omgang, å dra det lengste strået. Eg rangerer dette som eit av dei beste skirenna han har køyrt, seier ein entusiastisk Atle Hamar.

Hadde aldri trudd dette i haust

For om lag eit år sidan var Åge Solheim skildra som det største alpintalentet ifrå Sogn og Fjordane på lang tid, men det var ikkje gitt at det var det som skulle vere ambisjonane til nordfjordingen i år. For i april fekk han eit brot i leggen etter eit stygt fall under eit storslalåmrenn. Og derfor såg han på årets sesong som ein opptreningssesong. Men det har gått over alle forventningar.

– Det såg litt mørkt ut då eg starta på sesongen i haust. Då hadde eg aldri trudd at eg skulle stå øvst på pallen og gjere det så bra. Så eg må seie eg er overraska over at det har gått så bra i år, seier Solheim.

Åge Solheim skadar seg under den svenske meisterskapen

DRAMATISK: Åge Solheim skadar seg under den svenske meisterskapen

Foto: Lin Ivarsson

Trur Solheim vil hevde seg internasjonalt

Leiar i Alpinkomiteen i Sogn og Fjordane, Atle Hamar, er blant dei som verkeleg har trua på Solheim i tida framover.

– Åge har stabilisert seg i toppen av FIS Norge. No blir det interessant å følgje han i Europacupen og på det internasjonale nivået det då blir. Det er krevjande, men vi har sett før at løparar kan ta det nivået og. Det blir veldig spanande å følgje med framover no, seier Hamar.

Gror godt

Hamar fortel vidare at det no har vore ei breiddesamling på Hafjell i fire dagar der så mange som 33 løparar frå Sogn og Fjordane i alderen 11–16 år har vore med. Og så trekk han fram fleire gode skikøyrarar frå Sogn og Fjordane som er inne i FIS-systemet.

– Eg vil berre få lov til å nemne nokre som vil vere verdt å følgje med på i tida framover, seier Hamar entusiastisk.

Og han listar opp.

– Andreas Strand frå Jølster, Andrine Mårstøl frå Haugen og fleire unge som byrjar å vere med i FIS-renn i år: Til dømes Reidar Felde frå Breim, Thomas Nordnes frå Sogndal, Emma Åsebø frå Eid, Jonas Drageset frå Stryn, seier Hamar.

Roleg feiring

Og korleis feirar så ein nybakt vinnar i storslalåm?

– Det vert feira med ein roleg kveld i leilegheita i Lillehammer. Eg er litt småsjuk så no må eg berre lade opp batteria så eg vert klar til neste renn, seier ein nøktern Åge Solheim.