Hopp til innhold

Innbyttarar sendte Førde eitt steg nærare nedrykksstriden

(MOLDE 2 – FØRDE 2-1) Med sitt fjerde strake tap er Førde Fotball for alvor byrja å hamne i nedrykksstriden i 2. divisjon. – Det ser ikkje bra ut. Det gjer ikkje det, seier kaptein Vegar Gjermundstad.

Vegar Gjermundstad

ARKIVFOTO: Førde-kaptein Vegar Gjermundstad har framleis stor tru på at Førde Fotball spelar i 2. divisjon også neste år.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Utgangspunktet før kampen var enkelt. Tre poeng borte mot Molde 2 under nedrykksstreken ville gitt Førde eit lite pusterom.

Så skjedde ikkje.

– Nei, det er sørgelege greier. Det var ikkje planen dette her. No er det tungt, vedgår Vegar Gjermundstad.

Fem utan siger

Førde har variert veldig i prestasjonane denne sesongen, og i haust har dei sakte, men sikkert, nærma seg nedrykksstriden med fem kampar på rad utan siger.

– Det er ikkje akkurat kjempebra det vi driver med, men samstundes føler eg at vi har mykje stong ut. I dag burde vi hatt eitt poeng. Dette var unødvendig å gi frå oss, seier Førde-kapteinen.

– Må ta fleire poeng

Med fem kampar att av sesongen, har Førde fire poeng å gå på til Molde 2 under nedrykksstreken. Tre av motstandarane er topp fire-lag. Tre av kampane er også på heimebane.

Blant motstandarane som står att er mellom andre Aalesund 2, som også kjempar for å unngå nedrykk.

– Vi har framleis poeng å gå på og kampar att. Men personleg trur eg ikkje at vi vil klare oss utan å vinne fleire kampar, seier Gjermundstad.

Har framleis trua

Førde-kapteinen kjenner seg trygg på at sigrane vil komme og at sunnfjordingane også neste sesong blir å finne i 2. divisjon.

– Det handlar om å ville mest. Der har vi stoppa litt opp. Vi har meir å gå på, og det er ikkje så stor skilnad på at nokre av motstandarane er umoglege å slå. Det er ein jamn divisjon der alle slår alle. Per no ser det ikkje bra ut, men vi skal klare det, seier han.

Tok leiinga

For Førde fekk den best tenkelege starten i kveldens oppgjer i Rosenes by. Vertane stilte med Mushaga Bakenga, Andreas Linde, Fredrik Semb Berge og Magne Simonsen frå A-troppen, men måtte sjå sunnfjordingane ta leiinga.

Kristoffer Iversen plukka opp ein retur frå MFK-keeper Linde og sette inn 0–1 etter 22 minuttar.

– Deretter forsvarar vi oss godt. Utover i andre omgang pressar dei på, men eg føler vi står bra i mot, samstundes som vi skaper litt, summerer Gjermundstad opp.

Scora på overtid

I 50 minuttar klarte Førde å stå i mot. Så presenterte innbytar Eman Markovic seg på ein corner.

Ungguten hadde vore på bana i vel ti minuttar då han utnytta klabb og babb i Førde-forsvaret. Langt ut i overtida stanga innbytar Kjetil Holand Tøsse inn 2–1 for heimelaget etter eit frispark.

– Det er ufatteleg. Vi tapar duellar i boksen og får to dødballmål i mot oss. Det er ikkje bra, seier ein tydeleg skuffa Gjermundstad etter 2-1-tapet.