Hopp til innhold

– Det er mykje rart på vegane, og då blir det brannar

Politiet fekk aldri fatt i vogntoget som førte til full brannutrykking til Flenjatunnelen i Aurland i kveld, i området som har vore råka av fleire større brannar.

brann

– Vi har fått stoppa eit vogntog på Håbakken i Lærdal, men det er ingenting som tyder på at dette er riktig vogntog. Det er ikkje teikn til varmgang i motor og bremsene er fine, seier operasjonsleiar hjå politiet, Per Rimmen.

Politiet har no avslutta oppdraget, og har ikkje fleire ressursar å sette inn på å finne syndaren.

Vonde minner

For klokka 18.23 kom meldinga som fekk mange til å tenke tilbake på storbrannane i Gudvangatunnelen i sommar og sommaren 2013: Eit vogntog står i brann i nabotunnelen, Flenjatunnelen.

Men, kort tid seinare kom kontrabeskjeden. Det var eit vogntog med kraftig røykutvikling, men det hadde ikkje utvikla seg til full brann. E16, og både Flenjatunnelen og Gudvangatunnelen, var stengde ein kort periode.

– Det var eit utanlandsk vogntog som fekk røykutvikling i turboen og stoppa inne i tunnelen. Vegen er open no frå klokka 18.55, opplyste Eli Solberg i Statens vegvesen.

– Mykje rart på vegane, og då blir det brannar

Blant dei som frykta at ein ny, stor og dramatisk brann var på gang i kveld, er Anne Rachel Øren og mannen hennar. Dei kan ha køyrt like bak vogntoget som førte til full utrykking.

– Vi kom frå Bergen og når vi hadde kome til Stalheim låg vi bak to vogntog, der det slo gnistar frå høgresida på det fremste av dei. Gnistane slo forbi både vogntoget føre oss og vår bil, seier Øren.

Dei køyrde forbi vogntoga, og låge føre dei frå Gudvangen. Då dei kom til Lærdalstunnelen høyrde dei om brannen. Verken politiet eller Øren vil slå fast hundre prosent sikkert at det var same vogntoget som førte til brannen, men trur det er sannsynleg.

Øren synest gnistane og måten vogntoget framstod på var skummel.

– Vi veit ikkje heilt kva vi skal tenkje. Det er mykje rart på vegane, og då blir det brannar. Vi har i alle fall hatt to store i løpet av kort tid, seier ho.