Hopp til innhold

– Poltikarane har trygla om å få linja gjennom Sogn og Fjordane

– Kraftlinja mellom Sogn og Sunnmøre har blitt elendig handtert.

Erik Solheim

KRASS KRITIKK: Erik Solheim er oppbragt dagen etter kratlinje-klarsignalet.

Foto: Steinar Lote / NRK

Høyspentlinje

SKAL GÅ I LUFTA: Den nye kraftlinja frå Fardal til Ørskog skal gå over bakken i Sogn og Fjordane.

Foto: Svein Sundsdal / NRK
Terje Riis-Johansen

SA JA: Olje- og Energiminister Terje Riis-Johansen (Sp) gav fredag klarsignal til byggjestart neste sommar.

Foto: Hommedal .Marit / SCANPIX
Kraftlinje Sogn - Sunnmøre

TRASÉEN: Her kjemp den nye, store kraflinja mellom Ørskog og Sogndal.

Foto: Statnett

Det meiner Erik Solheim, tidlegare leiar i Naturvernforbundet.

Fredag vart det kjent at bygginga av kraftlinja er framskunda til neste sommar, og at sjøkabel er utelukka på deler av strekninga.

– Ved å dele opp strekninga i mindre deler har olje og energi-ministeren hoppa bukk over heilskapsvurderinga i saka, meiner Solheim

Han meiner departementet gjer same feil som han meiner NVE først gjorde då dei gav konsesjon til kraftlinja.

– Det er bedrøveleg

– Hovudspørsmålet i slike konsesjonssaker er om kor vidt inngrepet er forsvarleg ut frå dei enorme inngrepa som er dokumentert i dette tilfellet. Ved å dele opp saka slik Terhe Riis-Johansen har gjort, så har dei hoppa bukk over heilskapsvurderinga og det vesentlege ved konsesjonsspørsmålet, seier Solheim.

Han har lite eller ingenting positivt å seie om handteringa av saka.

– Det er bedrøveleg ved denne saka at NVE ser ut til i sin konsesjon å ha tatt for gitt at linja må komme, og at det berre er spørsmål om kven som skal få ulempene og kven som skal bli fri dei. Dette er ei veldig elendig handtering av ei så stor sak som mange har store ulemper av, og som engasjerer endå fleire.

Ikkje som i Hardanger

Men mens den tilsvarande 420kWh-linja i Hardanger skapte nasjonalt rabalder, har det vore ført ein langt mildare mostandskamp i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Politikarane har mykje av skulda, meiner naturvernaren.

– I Hardanger har politikarane stått opp og forsvart sitt folk mot eit skadeleg inngrep. I Sogn og Fjordane har fylkesutvalet og dei fleste ordførarane trygla på sine kne om å få denne linja. Dei vil til og med ha kompensasjon for at dei får det dei ber om. Desse, som er styremedlemmer i kraftselskapa, har sitte og forsvart sine særinteresser og ikkje brydd seg om meir allmenne interesse og ein klar folkevilje.

Solheim viser til at det i ei måling i Bergens Tidende var over 75 prosent av dei spurde i Sogn og Fjordane imot kraftlinja.

– Dei leiande politikarane i Sogn og Fjordane har eit stort ansvar for at vi no sit i dette uføret, meiner han.

Utelukkar ikkje aksjonar

Etter at statsråden fredag gav grønt lys for kraftlinja, reknar Solheim med at motstandskampen hardnar til.

– Eg utelukkar ikkje at det blir aksjonar. Eg går ut frå at mostandsarbeidet blir meir intensivert. Sjølv om det til no ikkje har vore like høglydt som i Hardanger, så har vi ei klar folkemeining i Sogn og Fjordane. Men vi har politikarar som den ikkje verkar på, seier den tildegare leiaren i Norges Naturvernforbund.

Video Her gir han grønt lys

SJÅ TV-REPORTASJE: Naustdal-familie klamrar seg til håpet. Ministeren ber Statnett søkje konsesjon på ein trasè lengre oppe i dalen, for å unngå garden.