NRK Meny
Normal

Uroa for konsekvensane av «fang og slepp»

Nye undersøkingar viser at det alltid er ein risiko for at fisk døyr når ein fyrst fangar den, for så å sette fisken tilbake i elva. Sportsfiskar uroa seg over trenden.

Bjarne Huseklepp med laks

UROA: Bjarne Huseklepp er uroa for trenden der folk dreg laksen på land, tek bilete av den og set den ut igjen.

Foto: Håkon Huseklepp

– Det er veldig avgjerande korleis fisken blir handtert for om den overlever eller ikkje. Er det blod eller skader på fisken, er det betre å avlive den, seier John Anton Gladsø hjå Fylkesmannen.

Norsk institutt for naturforsking (NINA) har i tre år undersøkt overleving, åtferd og gjenfangst for laks, som er sett ut i elvane igjen etter å ha blitt fanga, i sju norske elvar, blant dei Oselva i Flora.

NINA konkluderer med at det alltid er ein risiko for at fisk døyr ved «fang og slepp», ein metode der ein får fisken på land, for så å sette den tilbake i elva.

– Ikkje gunstig

Bjarne Huseklepp har fiska laks i 52 år og er svært skeptisk til trenden der ein skal ta bilete av fisken etter at ein har fått den på land, før ein set den ut igjen.

– Det å løfte laksen ut av vatnet for så å sette han ut att er absolutt ikkje gunstig. Eg trur vi er på ville vegar om vi skal behandle fisk på denne måten, seier Huseklepp.

Fiskaren fiskar sjølv i Flekkeelva, der det er totalforbod mot å sette laksen ut igjen i elva etter at ein har fått den på land.

– Det er så mykje stein og berg rundt elva at det er om lag umogleg at laksen ikkje kan få skade i skinnet under landing. Dersom ein då set fisken tilbake i elva, spesielt om det er nygått laks, kan han få soppdanning i skinnet, seier Huseklepp.

Treng kunnskap

Huseklepp meiner at ein treng meir kunnskap om korleis fisken vert påverka av «fang og slepp».

– Mange trur at det er til fisken sitt beste å bli sett ut igjen i elva, men slik treng det absolutt ikkje å vere, fortel han.

Den erfarne fiskaren meiner at kvar enkelt av sportsfiskarane har eit ansvar for laksen si framtid.

– Vi må ha stort fokus på forvaltninga av elvane slik at der er bestandar som toler hausting. For at «fang og slepp» skal ha ei meining, må den enkelte fiskar ha nok kunnskap og ikkje minst evne til å bruke den slik at fisken overlever dei belastningane metoden utset den for, seier Huseklepp.

«Fang og slepp»

Laks

BETRE Å AVLIVE DEN: John Anton Gladsø hjå Fylkesmannen meiner det er betre å avlive fisken enn å sette den tilbake i elva om den er skada eller køyrt for lenge.

Foto: hjhuseklepp (instagram)

Undersøkingane til NINA viser at om laksen døyr er sterkt knytt til skadar og kor svekka fisken er.

– Ikkje køyr laksen for lenge og ikkje set ut att skada fisk, er rådet frå Gladsø,

Han konstaterer at «fang og slepp» har blitt ein trend, men trur dei fleste fiskarane er flinke og kan å behandle laksen.

– Dei fleste veit korleis ein skal behandla fisken, men sidan «fang og slepp» har blitt ein trend er det viktig å sette fokus på at det ikkje alltid er det beste for laksen, seier Gladsø.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.