NRK Meny
Normal

– Forkjemparane slurvar med fakta

Pasientar er trygge i ambulansane sjølv om avstanden til sjukehus blir lange, viser dokumentasjon.

Demonstrantar

SKREMMEBILETE: Sjukehusaksjonistar påstår at fleire vil døy med lenger avstand til føde- og akuttilbod. Det stemmer ikkje, ifølgje fagfolka. Her demonstrerer dei utanfor helsedepartementet i Oslo.

Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK

Christian Bjelke

LITEN RISIKO: Fylkeslege Christian Bjelke i Møre og Romsdal seier lange avstandar ikkje vil føre til fleire dødsfall.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Sjukehusaksjonistane påstår at fleire pasientar vil døy på vegane viss lokalsjukehusa mister føde- og akuttenester.

Men: Dokumentasjon frå fagfolk viser at pasientane er trygge - sjølv om avstandane blir lange.

– Risikoen med å reise lenger til ei fødeavdeling er mykje mindre enn sjukehusaksjonistane hevdar, seier Christian Bjelke, fylkeslege i Møre og Romsdal og tidlegare leiar i Nasjonalt råd for fødselsomsorg.

  • Kva meiner du? Delta i debatten i kommentarfeltet under.

– Ikkje uforsvarleg

Under den store sjukehusdemonstrasjonen i Oslo 6. desember i fjor kunne ein sjå bannera med svartmåla slagord som «Liv kan gå tapt» og «Må folk døy på veg til sjukehuset? Me har ingen å miste».

Fakta fortel om ei anna verkelegheit: Norsk pasientskadeerstatning (NPE) har behandla 40 000 saker sidan det statlege organet blei oppretta i 1989.

På desse over tjue åra har NPE ingen saker som handlar om pasientar som har døydd eller fått forverra skade på grunn av lang reisetid i ambulanse.

Tal frå fylkeslegar i sju fylke - Finnmark, Troms, Nordland, Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hedmark og Oppland - viser det same. I nokre av desse fylka kan pasientar ha ei reisetid til sjukehus på inntil tre og ein halv time.

– I dag har nokre fylke allereie lang reiseavstand, utan at dette er uforsvarleg eller vil føre til fleire dødsfall, seier Bjelke.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

– Urimelege påstandar

Sogn og Fjordane er eitt av fleire fylke der sjukehusstriden har rasa dei siste åra. Regjeringa skal i nær framtid avgjere om sjukehusa i Lærdal og Nordfjordeid mister føde- og akuttenestene sine.

Jorunn Ringstad

URIMELEG: Nestleiar Jorunn Ringstad i Helse Førde-styret har lite til overs for påstandane frå aksjonistane.

Foto: Helse Førde

Etter at Helse Førde vedtok å kutte kraftig i tilbodet ved desse to lokalsjukehusa har helseføretaksstyret fått ei rekkje brev der lokalsjukehusforkjemparar skriv at styremedlemmene vil setje fleire menneskeliv i fare.

– Det er urimeleg at slike påstandar blir spreidde, seier nestleiar i styret i Helse Førde, Jorunn Ringstad.

Den tidlegare stortingsrepresentanten for Senterpartiet meiner aksjonistane skapar unødig frykt blant folk.

– Når påstandane blir gjentekne mange gonger, så vil nokre oppfatte det som ei sanning. Men det er ikkje rett, seier Ringstad.

Rokkar ikkje aksjonsleiar

Medisinsk fødselsregister får melding om alle dødfødslar i landet. Dei siste ti åra har 3323 born døydd under fødsel. 11 av desse dødsfalla har skjedd under transport. Det utgjer tre promille.

Sjølv om dokumentasjon viser at pasientane er trygge på vegane, vel Bente Øien Hauge, koordinator i Folkerørsla for lokalsjukehusa, å ikkje lytta til fagfolka.

– Det er eit faktum at auka avstand til akuttberedskap og fødetilbod vil føre til at liv går tapt, eller at folk får større skade enn dei elles ville ha fått. Eg trur ikkje det er nokon tvil om det, seier Øien Hauge.

Bente Øien Hauge

HELD FAST: Bente Øien Haugen i Folkerørsla for lokalsjukehusa, gjev ikkje opp argumenta om at lange avstandar går ut over liv og helse.

Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK
Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.