NRK Meny
Normal

– Å krevje nynorsk er rein ekstremisme

Det vart temperatur då Noregs Mållag og Bokmålsforbundet møttest til debatt om nynorsk som målform i Vestlandsregionen – under NRK si maratonsending i dag.

Arve Waage

BOKMÅL: Viseformann Arve Waage i Bokmålsforbundet fotografert i studio i Bergen.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

Leiar Magne Aasbrenn i Noregs Mållag møtte viseformann Arve Waage i Bokmålsforbundet til debatt om kva målform den nye Vestlandsregionen skal ha dersom regionen blir noko av.

Magne Aasbrenn meiner Vestlandet har eit nasjonalt ansvar for nynorsken.

– Nynorsk er eit språk for heile landet og fagrørsla for alle norske dialektane. Nynorsk må difor ha ein stad å vere sterk. Og då er Vestlandet staden der målforma burde vere det, sa Aasbrenn.

Leder i Østfold Mållag Magne Aasbrenn

NYNORSK: Leiar i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn.

Foto: Bjørn Ruud / NRK

Men viseformann Arve Vaage i Bokmålsforbundet meiner ein ikkje skal velje nynorsk på Vestlandet.

– Fordi bokmålsbrukarane utgjer eit stort fleirtal av innbyggarane i den nye regionen. Det har vi klare statistikkar på. I heile den vidaregåande skulen er 78 prosent bokmålsbrukarar.

Å krevje at nynorsk skal vere den einaste målforma i Vestlandsregionen meiner vi er rein ekstremisme frå mållagets side.

– Ekstremisme?

– Ja, det er det når dei vil forby bokmålsbrukarar å bruke målforma si til trass for at dei er eit stort fleirtal i regionen.

Overdriv

Leiaren i Noregs Mållag tykkjer Waage overdriv.

– I avtala som er laga av Nynorsk kultursentrum så ligg det inne mange rettar for bokmålsbrukarane. Dei som jobbar i det nye storfylket kan velje å skrive notata på bokmål, og privatpersonar som Waage til dømes, om han skriv til storfylket, skal få svar på bokmål, seier Aasbrenn, og viser til at i alle demokrati veg ein omsynet til byar opp til omsynet til land. Og at ordninga er vedteken av Stortinget, seier Magne Aasbrenn.

– Kvifor skal vi ha nynorsk?

– Fordi nynorsk speglar dialektane på Vestlandet og er ein del av identiteten på Vestlandet. Og for heile landet under eitt: viss ein skal ha eit område som hadde nynorsk som administrasjonsspråk må det bli Vestlandet. Og ser me befolkninga under eitt, så må det vere minst eit storfylke som har nynorsk, seier Aasbrenn.

– Waage, 67 av kommunar på Vestlandet nyttar nynorsk som hovudmål. Kvifor skal ikkje eit storfylke gjere det òg?

– Det er meiningslaust å berre telje kommunar når det er så stor skilnad på folketal mellom kommunane. Det einaste ein kan gjere er å sjå på folket sitt individuelle målval, og det er bokmål.

– Men kva skjer med nynorsken om regionen vel den vekk?

– Nynorsk har vore i tilbakegang i over 100 år. I år har vi den lågaste del nynorskelevar sidan målingane starta for over 100 år sidan. Personleg har eg ingen tru på at nynorsk vil overleve. Grunnen er kort og godt at Noregs Mållag har gjort ein dårleg jobb. Dei har ikkje klart å overtale folk til å ta i bruk nynorsk, seier Waage.

Målform vekker følelser. Forfatter Jens Brekke nektet å vedta et forelegg med mindre det var på nynorsk.

Nag mot nynorsk

Det er ikkje Aasbrenn samd i. Han viser til at medlemstalet i mållaget aukar.

– Eg trur heller at ein av grunnane til at vestlendingane ikkje brukar nynorsk er den type nag som eg merkar hjå Waage når det gjeld nynorsk. Eg lurer på kven bokmålsforbundet eigentleg representerer? Dei har 94 likarar på Facebook og eg har følelsen av at det er eit privat initiativ. Norges mållag har 12 000 medlemmer og det aukar fordi nynorsk har ein felles verdi for alle i heile landet.

– Kvifor må nynorsk då hjelpast fram med vedtak?

– Det er snakk om at ungdom skal lærast opp i nynorsk så dei kan velje som vaksne kva målform dei vil bruke. Å framstille det som at nynorsk er på veg ned, er feil. Til og med i Oslo er det ein høg prosent av nynorskbrukarar no, seier Aasbrenn.

– Arve Waage, kva med nynorsk som kulturberar?

– Fleirtalet av vestlendingar er bokmålsbrukarar. Og dei har også ein kultur som skal takast vare på. At den kulturen skal undertrykkast av mindretalet er vi sterkt usamde i. I forslaget sitt serverer Nynorsk kultursentrum smular til bokmålsbrukarane om at dei skal få svar i eiga målform og at målforma kan nyttast i interne notat. Alt anna skal vere på nynorsk.

– Dersom vi spegelvender dette forslaget, ville alt vere på bokmål, mens nynorsk skal brukast i interne notat og at brukarane skal få svar på eige målform.

Aasbrenn: – På dei stadane der det er valfritt mellom bokmål og nynorsk vinn bokmålet fram fordi det finst eit uforståeleg nag mot nynorsk. Eg tykkjer det er rart om Waage føler seg understimulert som bokmålsbrukar når han går rundt i Bergen.

– Eg tykkjer Waage bør gå i seg sjølv og tenke: kvifor har eg så mykje imot nynorsk. Kva er dette naget?

Waage: – Vi har ikkje eit nag mot nynorsk. Men vi vil at målform skal vere frivillig.

Kva språk skal administrasjonen til eit eventuelt nytt Vestlandsfylke bruke? Foto/redigering: Sigrid Skjerdal
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen