Hopp til innhold

Kent fekk sjansen som er gull verdt

Gjennom Vestlandsutsillinga 2014 har nyutdanna Kent Fonn Skåre (30) fått ein gylden moglegheit til å nå ut til eit større publikum med kunsten sin.

Kent Fonn Skåre

NYUTDANNA: Kent Fonn Skåre frå Førde er mellom fleire kunstnarar frå fylket som stiller ut i Vestlandsutstillinga 2014.

Foto: Silje Guddal / NRK

Laurdag opnar Sogn og Fjordane Kunstmuseum dørene til årets utgåve av Vestlandsutstillinga, «Den Enes Brød Den Andres Død».

Blant 24 spente kunstnarar er førdianaren Kent Fonn Skåre, som i fjor gjorde seg ferdig med kunstutdanninga i Stockholm.

– For meg som nyutdanna er dette gull verdt. Eg får møte eit veldig stort publikum gjennom ei utstilling som varer veldig lenge og blir vist på fleire ulike stader, seier 30-åringen.

Bur i Sverige

Skåre har utdanna seg i Bergen, i tillegg til Stockholm der han no bur og arbeider. Han er ein av fleire kunstnarar frå Sogn og Fjordane som er med i årets Vestlandsutstilling.

Utstillinga har sidan starten i 1922 vore ein viktig årleg arena for visning av biletkunst med tilknyting til Vestlandet. Her har ukjende talent hatt sin utstillingsdebut side om side med etablerte kunstnarar.

(Artikkelen held fram under videoen)

Vestlandsutstillingen 2014 - "Den Enes Brød Den Andres Død" Utstillinga består av 25 arbeid av totalt 24 kunstnere, fleire av dei er frå Sogn og Fjordane.. Idag er dei i gang med montering av utstillinga.. I 1922 åpnet den første Vestlandsutstillingen, som siden den gang har vært en viktig årlig arena for visning av billedkunst med tilknytning til Vestlandet. I dag, 92 år gammel, kan utstillingen nærmest anses som en kuriositet i samtidskunstfeltet både i alder og vesen, en kunstnerstyrt institusjon som basert på fri innsendelse leverer relevante og gode utstillinger. Mange ukjente talenter har hatt sin utstillingsdebut på Vestlandsutstillingen side om side med etablerte kunstnere.
Turneen støttes av fylkeskommunene i Hordaland, Møre og Romsdal, Rogaland og Sogn og Fjordane.

SJÅ: Her kan du sjå nokre av verka som blir utstilte under årets Vestlandsutstilling. (Foto/redigering: Johan Moen)

– Det ser veldig bra ut. Monteringa er veldig bra, så no berre gler eg meg til opninga, seier Skåre og ser på sitt eige bidrag, «Mjukt landskap».

Marmorhelle

– Det ser nesten ut som ein stein med lys på?

– Det er nesten rett. Det er dokumentasjon av ein observasjon eg har gjort medan eg analyserte ein spesiell stad i Stockholm. Det er bilete av ei øydelagd marmorhelle, som er filma og projisert på veggen her.

– Lyden frå staden er filma for å ha stemninga til den staden, få inn rørslene som igjen har skapt mønsteret gjennom slitasje, held Fonn Skåre fram.

– Det eg tykkjer er interessant er at komposisjonen minner om landskapsmåleri. Du har vatn, fjell og himmel, legg han til.

Endrar seg

Det er ikkje berre kvar vår at 92-åringen har fornya seg. For utstillinga som starta i Stavanger i januar, gir publikum ei heilt ny og annleis oppleving når den no kjem til Sogn og Fjordane og Førde.

Sjølv om det er dei same 25 verka som blir utstilte.

– Det er interessant å sjå kor annleis det blir her kontra Stavanger. Der var det anna rom, ikkje så høgt under taket og to separate rom. Veldig interessant å oppleve same utstillinga i ein annan setting, smiler Fonn Skåre og ser seg kring om i lokala.

Justerte med laser

Spent før opninga er også kunstnarisk leiar for utstillinga, Lars Sture frå Måløy. No busett i Solund er han utdanna ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskule i Oslo og har svennebrev som gullsmed.

Lars Sture

ANSVARLEG: Lars Sture frå Måløy er kunstnerisk leiar for Vestlandsutstillinga.

Foto: Silje Guddal / NRK

Sjølv har han hatt fleire separatutstillingar her fylket, men også i Oslo, Bergen, Trondheim og London.

– Alt skal vere heilt på plass så vi får utnytta rommet best mogleg, og samstundes får vist kvart enkelt verk så godt som mogleg, seier han og justerer bilete med laseren sin.

Graffiti-drone

Fredag vart ein hektisk dag med mykje utpakking, opphenging, plassering og justering. Han fortel at temaet for utstillinga er problemstillingar kring individet og fellesskapet.

For å svare på dette stiller Cameron MacLeod ut ein «graffiti-drone».

– Den blir brukt til å tagge eller produsere graffiti. Det fine med dronen er at du kjem til stader som er veldig lite tilgjengeleg. Det er eit stort pluss for ein som driv med graffiti. Jo meir utilgjengeleg du klarer å tagge eller lage ei teikning, dess meir stas er det i det miljøet, seier Sture.

Kunst i ny media

Vestlandsutstillinga 2014

UTSTILLING: Eitt av dei 25 verka som er med i årets utgåve av Vestlandsutstillinga.

Foto: Silje Guddal / NRK

Ved fire flatskjermar kan publikum setje seg ned og høyre på kunstneriske filmar.

– På desse skjermane er det fire kunstvideoar som går nonstop. I det heile har årets utstilling veldig mykje arbeid i nye media. Vi har åtte-ni lyd- og videoarbeid, fortel Sture før han går vidare til installasjonen Ivy av Tove Kommedal.

– Dette er ein installasjon som ynskjer aktivt bruk velkomen.

Makulere tankar

Ved sidan av verket står ein talarstol og ei makuleringsmaskin.

– Om du ser nærare etter, så vil du sjå at dette er ein eføyrot, sausa ned av makulert papir. Tanken er at publikum skal skrive ned det dei vil, makulere arket og hive papiret over greina, fortel Sture.

– Det er eit reinselsesrituale for den som gjer handlinga, avsluttar han.