Hopp til innhold

900 kundar og fem NAV-kontor utan internett

900 kundar i Høyanger, og fem NAV-kontor i fylket, har i heile dag vore utan internett.

Høyanger tettstad

HØYANGER: 900 kundar og NAV-kontoret i har vore utan internett i heile dag.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Du blir så avhengig av internett, at det blir merkeleg utan, seier Alvhild Gudvangen.

Ho bur i Høyanger og seier mangelen på internett tilgang har vore eit tema i samtalar i bygda i dag.

Også kommunen fekk problem

Telenor opplyser at problemet gjeld 900 kundar, og at problemet oppstod under vegarbeid i natt.

– I samband med vegarbeid skulle vi legge om ein kabel. Etter vi var ferdig med det arbeidet, har vi fått ein del uventa problem for breibandkundar, seier kommunikasjonssjef i Telenor, Glenn Mandelid.

Det er ikkje berre privatkundar som har fått problem. NAV-kontoret i kommunen kunne ikkje nytte internett i sitt arbeid.

– Me har ikkje fått gjort det arbeidet me skal på data. Det er kjedeleg, og ikkje slik det bør vera, seier NAV-leiar i Høyanger, Anne Tove Sjøtun Nyheim.

Dei har likevel kunne nytte kontoret i Balestrand, som Nyheim også leiar, for å ta unna ein del ting.

– Det er fem NAV-kontor i fylket som var råka av dette. Apotek, posten og butikkar i Høyanger har også hatt problem, seier Nyheim.

Internett skal no vere tilbake

Mandelid i Telenor seier problemet skjedde natt til måndag, og at Telenor rykte ut og har jobba med saka.

Like før klokka 20 opplyser han at feilen er retta og kundane no skal ha fått internett tilbake att.