Hopp til innhold

Då naturkreftene tok føre seg i sognebygda

Ein kuldeperiode avløyst av nysnø, mildvêr og store nedbørsmengder. Balestrendingane forstod nok ikkje kor hardt denne kombinasjonen skulle råke dei.

Ras på Skåsheim i Balestrand 1928

HERJA: Folk var redde og gjekk ikkje til sengs om kvelden 8. februar. I løpet av det neste døgnet skulle fem personar miste livet og mange hus gå tapt i fleire snøskred kring om i Balestrand.

Foto: Carl Tietz / www.fylkesarkiv.no

– Vi har ein del rasfarlege område, men 1928 står som det store året for ras og tragedie. Det er det ingen tvil om, seier lokalhistorikar Gunnar Urtegaard.

Han fortel om dei dramatiske dagane, 8. og 9. februar, for 90 år sidan. Dagane då fleire skred gjorde stor skade på jord og bygningar langs Sognefjorden. Spesielt i Balestrand.

Gunnar Urtegaard

LOKALHISTORIKAR: Gunnar Urtegaard hugsar godt historiene bestemor hans fortalde om dagane 8. og 9. februar.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Eitt av fleire skred i Skåsheimselvi tok mellom anna med seg sommarvillaen til kjøpmann Morten Kielland. Heile huslyden, tre born og foreldra deira, omkom.

– Det hadde vore ei spesielt lang tid med frost, så kom ein periode med nysnø før det brått skifta til mildvêr og store nedbørsmengder. Det bygde seg opp demning i begge dalføre og plutseleg losna det, fortel Urtegaard.

Då 9. februar lysna av dag, kom dei store skadane til syne.

– Fleire hus var borte, fortel Urtegaard.

Men dramatikken var ikkje over med det. Innbyggjarane på Thue, Skåsheim, Bruhjell og Ese skulle alle få merke naturkreftene. Blåhelleskreda øydela mykje jord på garden Sande. På Ese mista bønder både gardsbygningar og buskap.

Eirik Ese var på veg til sjøen for å sjå til båten sin då han såg veldige snømassar velte mot garden hans, der eine sonen var i fjøset medan den andre sat ved kjøkenbordet.

– Eg vart engsteleg. Folk var på garden, fortalde han til NRK for mange år sidan.

I dag bur barnebarnet Ole Bjørn Ese på garden. Han er blitt fortalt av far sin, korleis han opplevde sjå vind og snømassar ta føre seg. Stabburet, som stod mellom huset og fjøset, vart slått av støttene. Fjøset vart knust. Bustadhuset frå 1910 kom frå det med nokre knuste vindauge.

– Det vart på ein måte eit sjokk, men det var berre å komme i gang med å berge dyra og det dei kunne berge, seier han.

– Prega opplevinga far din?

Ole Bjørn Ese

MÅ LEVE: Ole Bjørn Ese har arva ein god lærdom av dei som opplevde snøskreda for 90 år sidan. – Du har respekt, seier han.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

– Ja, det er klart at dette var tungt. Du er i sjokktilstand og jobbar på når slikt skjer. I ettertid var han nok prega.

Sidan dei dramatiske februardagane for 90 år sidan har det gått fleire mindre skred i fjellsidene i Balestrand. Og for sju år sidan var Ese sjølv med som bergingsmannskap då elva i Tuftedalen tok med seg hus og to personar på fjorden.

Han seier at dei på Ese har lært seg å leve med naturkreftene som kan true garden.

– Du tenkjer på det frå tid til annan, men det er ikkje slik at du tenkjer på det til dagen. Då kan ein ikkje bu her. Men du må ha respekt for skred, og du går ikkje inn i det området når det er skredvêr, seier han.

Ole Bjørn Ese fortel om dei dramatiske februardagane i 1928.

HØYR: Ole Bjørn Ese fortel om dei dramatiske februardagane i Balestrand.