Hopp til innhold

571 millionar kroner på veg til fjordfylket

I dag startar Skatteetaten utbetalinga av skattepengar for inntektsåret 2014 til 85 prosent av alle lønnstakarar og pensjonistar.

Avdelingsdirektør i Skatteetaten, Marta Johanne Gjengedal

AVDELINGSDIREKTØR: Marta Johanne Gjengedal er avdelingsdirektør i Skatteetaten.

Foto: Arne Lutro / Skatteetaten

I dag får 54 042 skattytarar i Sogn og Fjordane i snitt 10 567 kroner att på skatten. Snittbeløpet for dei 10 421 som får restskatt er 10 475 kroner.

− I år er sjølvmeldinga historisk. Heile 3,4 millionar nordmenn fekk sjølvmeldinga elektronisk. Det er desse som no får oppgjeret sitt, seier Marta Johanne Gjengedal, avdelingsdirektør i Skatteetaten.

Kan ta to veker

I heile Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland, som utgjer Skatt vest, må 117 374 skattytarar i snitt betale 14 662 kroner i restskatt.

Samstundes blir det betalt ut 5,9 milliardar kroner til 518 319 skattytarar. Gjengedal kan ikkje gje noko konkret dato for når pengane kjem på konto.

− Du vil tidlegast få pengane på konto i dag, men det kan ta inntil to veker etter skatteoppgjersdatoen før pengane faktisk vert utbetalt, seier ho.

– Fleire årsaker

Neste oppgjer er 5. august. Etter det blir det fortløpande oppgjer fram til 14. oktober. Gjengedal seier det kan vere fleire årsaker til at nokon ikkje får oppgjeret sitt i juni.

− Generelt er det sånn at jo meir komplisert sjølvmelding og jo fleire vedlegg du har, jo lengre tid kan det ta å behandle den. Er du eller ektefellen din næringsdrivande, eller om du leverte sjølvmeldinga på papir, vil du tidlegast få oppgjeret ditt 5. august, seier Gjengedal.