549 millionar til vegar

Sogn og Fjordane får totalt 549 millionar kroner til veg i revidert nasjonalbudsjett som vart lagt fram i dag.

Veianlegg

Illustrasjonsfoto

Foto: Rainer Prang / NRK

Samferdsleministeren lovar mellom anna 100 millionar kroner til Dalsfjordbrua og Bremanger2-sambandet.

Nesten 1,6 milliardar over ti år

Fylket får 158 millionar kroner kvart år i ein tiårsperiode til drift og vedlikehald av vegane når dei tek over ansvaret for riksvegane frå årsskiftet. Tor Bremer, stortingskandidat for Ap er storfornøgd.

- Det ser veldig bra ut. Det kjem monalege midlar til fylkesvegane i Sogn og Fjordane. Det har vore eit stort etterslep på drift og vedlikehald. Vegdekket er dårleg og holete. Og her kjem det 158 millionar kvart år til vedlikehald. Det er vi nøgd med, seier han.

Pengar og fond til investering

Tor Bremer

Tor Bremer

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

I revidert statsbudsjett kom det også pengar til investeringar.

- Vi treng nye vegar, og her får vi 160 millionar kroner i året. Det gjer oss gode moglegheiter til å realisere mange av dei viktige prosjekta våre.

- I tillegg er det oppretta eit fond på to milliardar kroner i året, der vi kan låne pengar rentefritt, seier Bremer.

Bremer er usikker på kor mykje av desse midlane Sogn og Fjordane får låne.

Frå 1.januar 2010 skal fylkeskommunen overta ansvaret for alle riksvegane. I Sogn og Fjordane har etterslepet vore svært stort.