Hopp til innhold

500 kroner for kvar fisk

Firda sjøfarmer lovar 500 kroner i betaling for kvar laks som stammar frå anlegget deira og som blir fiska opp i sju elvar i fylket. Skjellprøver må stadfeste at fisken stammar frå anlegget, der 3741 laks rømde i oktober. Elvane det gjeld er Gaula, Nausta, Oselvvassdraget, Storeelva i Dale, Eidselva og Jølstra. I ei pressemelding skriv selskapet at dei også vil gje elveeigarlaga i Nausta og Gaula 10 000 kroner kvar som kompensasjon for gjenfangstfiske.