40 misser jobben i Nordfjord bygg
Måløyverksemda har slått seg sjølv konkurs, og 40 tilsette må sjå seg om etter anna arbeid, skriv Fjordenes Tidende. 20 av dei tilsette er i Vågsøy, medan dei andre jobbar på prosjekt rundt om i landet. Det er førebels uklart kva prosjekt som blir råka av konkursen, og kor mykje pengar verksemda har uteståande, seier eigar og dagleg leiar, Bjørnar Gangsøy.