No håpar Statens Vegvesen at dei kan få bruke desse pengane slik at oppstarten på siste del av vegprosjektet blir framskunda.
Får ikkje fortsette
Prosjektleiar Jon Kvåle berre trippar etter å kome igang med siste delen av vegopprustinga på E16 gjennom Lærdalsdalen. Men det er ikkje sett av pengar til dette i Regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for neste år. Kanskje eit aldri så lite paradoks med tanke på at parsellen frå Seltun til Voldum, som alt er utbetra, vart 40 millionar kroner billegare enn planlagt. No håpar Kvåle at Stortinget ser annleis på saka og gir dei grønt lys til vidareføring av vegprosjektet rett over nyttår.
– Dersom vi får lov til å bruke dei 40 millionane, så har vi pengar til å starte opp for fullt på neste parsell opp til Borlaug. Vi vil gjerne fortsette slik at vi i alle fall får full effekt av anleggsdrifta i 2006, seier Kvåle.
Rasjonell drift
Det var opprinneleg sett av 300 millionar kroner til opprustinga av parsellen frå Seltun til Voldum. Statens Vegvesen brukte berre 260 millionar. Jon Kvåle forklarar det heile med at dei har drive svært rasjonelt.
– Dei som har jobba på prosjektet har gjort ein god jobb. Dessutan har vi heile tida fått tilført midlar slik at vi har kunna jobbe på ein rasjonell måte, seier Kvåle.