Hopp til innhold

40 gjekk for fridom i Førde i dag

FØRDE (NRK): I 269 byar over heile verda gjekk folk for fridom i dag. Målet er å førebygge menneskehandel og skape medviten rundt temaet.

Walk For Freedom

STILLE: Kirsti Hellesøy leier det stille toget gjennom Førde.

Foto: Marte Iren Trøen / NRK

– Mange trur at slaveriet endte med frigjeringa i Amerika for mange år sidan, men det vi veit er at det i dag finnes meir slaver enn det nokon gong har gjort, seier Kirsti Hellesøy.

Ho jobbar som frivillig i organisasjonen A21, og arrangerer Walk for Freedom i Førde. Det dei ønska å oppnå med å gå i dag, er å auke medvitet rundt menneskehandel.

– Kvart 30. sekund blir eit nytt menneske offer for menneskehandel. Det er viktig å sette fokus på dette, seier Kirsti Hellesøy.

Kirsti Hellesøy

IKKJE TIL SALS: Kirsti Hellesøy er frivillig og arrangerer Walk For Freedom gjennom byen i Førde.

Foto: Marte Iren Trøen / NRK

Gjekk med teip framfor munnen

Dei fleste som deltok var studentar ved United World College i Fjaler. Dei gjekk i stillheit med svarte klede og teip framfor munnen frå elvetorget, til NRK-bygget, rådhuset og tilbake.

Det er tredje gong A21 arrangerer markeringa, og 269 byar over heile verda var med i år. Men det er fyrste gong ein går for fridom i Førde.

I Førde gjekk dei for fridom i dag. A21 ønsker å sette fokus på menneskehandel.

GJEKK FOR FRIDOM: Med teip framfor munnen og skilt gjekk dei 40 oppmøtte gjennom gatene i Førde. Målet er å skape medvite om moderne slaveri.

27 millionar menneske er offer for menneskehandel

– Det er 27 millionar menneske som er offer for menneskehandel i dag. Vi veit at det er om lag 300 offer i Noreg som sel seksuelle tenester. Vi ønsker å skape medvit rundt at slaveriet ikkje er over, seier Kirsti Hellesøy.

– Det er ikkje mange nok som veit om at dette er eit aukande problem, seier Elodie Ithier som er elev ved United World College i Fjaler.

To elevar frå UWC

ENGASJERTE: Elodie Ithier og Tess Luttikhuis er studentar ved UWC i Fjaler, og gjekk for fridom i Førde.

Foto: Marte Iren Trøen / NRK