Hopp til innhold

4 av 10 vil vere nattevandrar - men slit med å skaffe folk

Mange vil engasjere seg for å gjere nærmiljøet tryggare, viser ny undersøking. Men likevel er det mange som ikkje møter til avtalt nattevandring.

Nattevandrarar i Førde

PATRULJE: Politiet meiner det er viktig at foreldra er synlege også i sentrumsbilete når poden er ute på livet.

Foto: Simon Solheim/NRK

I ei landsomfattande undersøking utført av Repons svarer 36 prosent av vestlendingane at dei kunne tenkje seg å vere nattevandrar. Dette er over landsgjennomsnittet på 34 prosent.

NRK.no var natt til søndag med nattevandrarane i Førde på patrulje. Då var det fire av seks om møtte. Helga før, natt til 1. mai, var det berre fire av sju som møtte.

Fråfall nesten kvar gong

Den landsomfattande undersøkinga er gjort på oppdrag av Tryg Forsikring. 16 prosent av dei spurde seier dei har vore nattevandrar.

– Dette viser at det er mange som gjerne vil engasjere seg for å gjere nærmiljøet tryggare, seier Kjerstin Fyllingen som er landssjef for Tryg Forsikring i Norge.

Tryg er hovudsamarbeidspartnar og sekretariat for nærare 400 natteravngrupper over heile landet. Men sjølv om undersøkinga viser at det er mange som vil melde seg som, opplever ikkje dei som har ansvar for nattevandrarane i Sogn og Fjordane, at det er mange som vil stille.

NETT-TV: Bli med på patrulje

Vanskeleg å få folk til å stille som nattevandrar

NETT-TV: Vanskeleg å få folk til å stille som nattevandrar i Sogn og Fjordane.

Det er fråfall blant nattevandrarane nesten kvar gong i Sogn og Fjordane. Bente Nilsen Halvorsen i Sogn og Fjordane Røde Kors seier tendensen er den same i heile fylket.

– Det er ikkje så vanskeleg å få folk til å skrive seg på ei liste, men når dagen ein skal gå kjem, er det ikkje alle som stiller. Det er ein generell trend, dessverre, seier Halvorsen til NRK.no.

– Håpar på fleire

I den same undersøkinga seier ni av ti vestlendingar at nattevandrarane gjer gatene tryggare.

– Det er ingen tvil om at natteravnane sin innsats har stor samfunnsverdi. Vi får mange tilbakemeldingar om at nattevandrarane sitt arbeid har ei klar førebyggjande effekt, og at nærværet dempar vald og uønska adferd, seier Fyllingen.

Dei spurde oppgir eit ønskje om å bidra til større tryggleik i nærmiljøet som den viktigaste grunnen til å gå nattevandrar.

– På landsbasis reknar vi med at over ein halv million nordmenn har gått som natteravn på eitt eller anna tidspunkt. Det er imponerande tal, men vi har framleis ambisjonar om å få endå fleire med ut og gå - også i Hordaland og Sogn og Fjordane, seier Fyllingen.